Gå til hovedinnhold

Fagleg utval for ressursforsking (FUR)


Trål i havet, FUR bilde

Fagleg utval for ressursforsking (FUR) blei lansert på årsmøtet i Fiskebåt 12. februar 2015 av dåverande fiskeriminister Elisabet Aspaker (sjå pressemelding). 

I dette utvalet jobbar forskarar frå Havforskingsinstituttet saman med fiskerinæringa, som er representert ved Norges Fiskarlag, Norges Kystfiskarlag og Pelagisk Forening. Fiskeridirektoratet og Nærings- og fiskeridepartementet er observatørar.

Fagleg utval for ressursforsking møter to gongar i året, og Havforskingsinstituttet fungerer som sekretariat for utvalet.

FUR skal vere ein formell møtearena mellom forskarar ved Havforskingsinstituttet og utvalde representantar frå fiskerinæringa.

Formålet med utvalet er:

  1. Å utveksle informasjon om forvaltingsretta forsking og næringas erfaringar ved at aktuelle faglege problemstillingar blir presenterte og drøfta.
  2. Å vere ein arena der fiskerinæringa kan fremme innspel og råd om forskings- og overvakingsfaglege problemstillingar og prioriteringar knytta til dei viltlevande ressursane i havet..