Gå til hovedinnhold

Forskningsstasjonen Austevoll


Forskningsstasjon med sjøanlegg på Sauganeset i Austevoll

Forskningsstasjonen Austevoll med sjøanlegg på Sauganeset i Austevoll

Fotograf: Christine Fagerbakke / HI

Forskingsstasjonen ligg i Austevoll kommune, sør for Bergen, og er sentral for aktivitetar innan marine arter i alle livsstadium. Med over 4500 kvadratmeter innandørs og store uteareal, er den eit av Europas største og mest avanserte forskingsanlegg på dette området.

Forskingsstasjonen har gode fasilitetar på land og i sjø for hold av fisk og skaldyr gjennom heile livssyklusen. Dette gir eit eineståande grunnlag for eksperimentelle studiar i ulike livsstadium, storleikar og kvalitetar. Opp gjennom åra har nærare tretti arter vore gjenstand for ulike eksperiment ved stasjonen, bl.a. kveite, torsk, hyse, sei, laks, berggylte og rognkjeks.

Rognkjeks i merd. Foto: Erlend Astad Lorentzen/HI.

Forskingsstasjonen blei etablert i 1978 og har i over førti år vore ein sentral aktør for både forvalting og næring. Ei rekkje banebrytande arbeid og høgdepunkt i forskinga gjer at stasjonen har hausta brei internasjonal anerkjenning for sitt arbeid med marine arter.

Frå å vere ein pådrivar i utviklinga av ekstensive og semiintensive produksjonsmetodar, har vi gått meir over til optimalisering av intensive metodar. Forskingsaktivitetar som kan nemnast her er:

  • Grunnleggjande studiar innan velferd, åtferd og sansebiologi
  • Studiar av vekst og reproduksjonsfysiologi (kjønnsmodningsprosessar)
  • Miljøvennleg bekjemping av lakselus 
  • Studium av effektar frå petroleumsrelatert verksemd og andre menneskeskapte miljøpåverknader
  • CO2 og forsuringseffektar på fisk, plankton og skaldyr
  • Fysiske og biologiske behov for tidlege livsstadium hos marine organismar inkl. oppdrettsmiljø
  • Økologiske effektar av marin akvakultur
  • Rådgiving innan marine ressursar og miljø

I dag står grunnleggjande studiar av fiskevelferd og økologiske effektar av akvakultur sentralt, men stasjonen er godt tilrettelagt for andre eksperiment – også på ulike naturlege bestandar.

Kva arbeider vi med?

På stasjonen kan vi følge påverknadar og resultat frå stamdyr til etterfølgande generasjonar, i tillegg til forsking innan ei rekke område. Dei mest sentrale er vekst og reproduksjonsfysiologi og kjønnsdifferensiering. Pubertet og kjønnsmodning/gytebiologi blir studert på molekylært, cellulært og individnivå.

Vi har bygt opp eit endokrinologisk laboratorium der vi bruker molekylærbiologiske metodar for kloning av relevante gen, isolering av RNA/mRNA og syntese av cDNA for vidare studiar av genuttrykk. Vidare reinsar og karakteriserer vi protein, peptid og steroid, og vi analyserer hormonnivå ved hjelp av immunkjemiske teknikkar. Forsøk med eggproduksjon på individnivå blir utført i forbindelse med rekrutteringsstudiar.

Oppdrettsmiljø

Stasjonen har etablert laboratorium for studiar av ulike arter sine miljøkrav i tidlege livsstadium. I dette inngår studiar av mekanismar bak feilutviklingar og deformitetar hos tidlege stadium. Her kan larver og yngel bli eksponerte for ulike fysiske og biologiske forhold som gassmetting, salinitet og temperatur. Laboratoria har tilgang til forskjellige vasskvalitetar som resirkulert vatn og djupvatn. Systema blir òg brukte til å teste eksponering for ulike nivå av miljøgifter og metabolittar (ammonium med meir).

Sansebiologi, atferd og fiskevelferd

Studiar av åtferd og sansar som syn lukt, smak og høyrsle er ofte innfallsvinkelen til kunnskap om organismar sin grunnleggjande biologi, økologi og velferd. Ved stasjonen har vi etablert eigne fasilitetar for grunnleggjande studiar av faktorar som har betydning for fisken sin velferd og evne til å meistre livet i oppdrett. Dette inkluderer fasilitetar for studiar av læring og kognitive evner hos fisk, toleranse for trykkendringar hos fisk med lukka svømmeblære, toleranse for akutt og kronisk stress, svømmerespirometer for måling av oksygenkonsum under ulike miljøforhold, og ein djupmerd for studiar av djupnepreferansar relatert til temperatur og fôring. Vi har også bygt opp avansert instrumentering for silhuettfotografering og analyse av tredimensjonale posisjonsdata for studiar av fødeopptak og bevegelse hos fiskelarver og dyreplankton under ulike miljøforhold. I tillegg har stasjonen instrumentering for mikrospektrofotometri og elektrofysiologi.

Vekst og fordøying i tidlege livsstadium

Vi har etablert eigne laboratorium der vi lagar og testar fôrkomponentar og formulert fôr – først og fremst for studiar knytta til fødeopptak og tørrfôrtilvenning av fiskelarver. I tillegg til maskiner for tillaging av mindre fôrmengder, finst det mikroinjeksjonsinstrument med lupe og digital bildelagring og mikroinjeksjonsutstyr for injisering av flytande fôrkomponentar direkte i mage/tarm hos fiskelarver.

Kompetanse og personell

Om lag 40 personar har stasjonen som sin faste arbeidsstad. Dette inkluderer også stipendiatar og lærlingar. Forskarane/stipendiatane og forskingsteknikarane høyrer til ulike faggrupper. Dei har ein brei kompetanse også på internasjonalt nivå innan sine respektive fagområde og er sentrale innan dei viktigaste forskingsområda våre. Anna personell under stasjonen sin basisdrift er fordelte på gruppene administrasjon/IKT, teknisk drift, laboratorium og biologisk drift. Forskingsteknikarane innan basisdrift er også sterkt involverte i gjennomføring av dei ulike forsøka som blir gjennomførte på stasjonen.

Stamfiskbestander

Forskingsstasjonen har stamfiskbestander av kveite, torsk, hyse og berggylte. I tillegg har vi mindre mengder av sild, ål, blåskjel og kamskjel som inngår i ulike eksperiment. Ein viktig del av stamfiskmaterialet på torsk er ein egen bestand av genetisk merka torsk. Stasjonen har konsesjon for landbasert drift for dei fleste marine arter og har eigne konsesjonar for sjøanleggsdrift på laksefisk (780 tonn MTB) og marine arter (780 [+ 2.340] tonn MTB). Stasjonen har grupper av kveite og torsk som vårgytarar, men kan også produsere haustgrupper av egg, larver og yngel ved behov. Stasjonen vil normalt produsere inntil 5000 yngel av kveite og 30.000 yngel av torsk som forsøksfisk. Då er det viktig at behov for forsøksfisk blir meldt inn så tidleg som mogleg slik at vi kan få registrert forsøksfiskbehovet i den rullerande 5-årsplanen for forsøksfisk. Inntak av materiale frå naturlege bestandar, eller leveransar frå andre produsentar ved spesielle behov, er også mogleg. Også dette krev ein tidleg innmelding med tanke på klarering frå ulike instansar.

Ferske generasjoner kveite i Austevoll. Foto: Erlend Astad Lorentzen/HI