Gå til hovedinnhold

NOT CACHED

Forsknings- og rådgivningsprogram

Forskings- og rådgivingsprogramma våre leverer råd til myndigheiter, næring og samfunn, men identifiserer også nye problemstillinger som blir løyste i forskingsgruppene. 

Hovudleveransen frå Havforskingsinstituttet er overvaking, forsking og rådgiving. Gjennom forskings- og rådgivingsprogramma leverer vi råd til myndigheitene, forvalting, næringsliv og samfunnet generelt. Fartøy, laboratorier og stasjonar blir brukte til å samle inn data som danner grunnlag for forsking og vitskaplege råd.

Forskinga vår føregår i tverrfaglege forskingsgrupper som leverer resultat til HI sine forskings- og rådgivingsprogram. Desse programma leverer råd til myndigheter, næring og samfunn, men identifiserer også nye problemstillingar som blir løyste i forskingsgruppene.

Den tette samanhengen mellom datainnsamling, forsking og rådgiving gir gode moglegheiter for å nå målet om enda betre overvaking, ny kunnskap gjennom forsking og heilskaplege, økosystembaserte råd.