Gå til hovedinnhold

Forskningsstasjonen Matre


matre

Forskingsstasjonen Matre blei etablert i Masfjorden i 1971 og har historisk sett vore ein av pilarane i utviklinga av moderne akvakultur. Fleire av metodane som er utvikla ved stasjonen er no i bruk verda over. Stasjonen er lokalisert ved E39 ca. 80 km nord for Bergen.

Forskingsstasjonen er ein viktig plattform for Havforskingsinstituttets forsking innan akvakultur og fiskeforsøk. Aktiviteten omfattar forsøk med laksefisk i alle stadium på sjø og land, marine arter og villfanga fisk.

Fasilitetane våre og personellets kompetanse dekker et breitt spekter av forsking innan akvakultur, fiskeforsøk og havforsking. Fiskelaboratoria kan tilpassast svært mange behov, og i kjemilaboratoriet kan vi gjere ei rekke analyser.

I 2019 pussa vi opp underetasjen i administrasjonsbygget vårt. Dei nyoppussa fasilitetane inkluderer nytt røntgenlaboratorium, nye garderobar med dusj og vaskerom, nytt ventilasjonsrom, nytt datarom og ny heissjakt. I ombyggingsprosessen vart det trekt 2,4 km med nye el.kablar og 2 km med nye datakablar.

Trivsel og stress hos fisk

Velferd hos oppdrettsorganismar er stasjonen si hovudsatsing. Vi ønsker å finne ut kva som får fisken til å trivast, og kva som kan stresse han og ta frå han matlysta. Moderne fasilitetar gjer at vi kan detaljstyre temperatur-, salt- og oksygennivå i vatnet og registrere fisken sine reaksjonar på endringar i omgjevnadane. Slike eksperiment kan også nyttast for å studere ulike arters vekst, kjønnsmodning og gyting under varierande forhold og betre vår forståing for desse mekanismane også hos vill fisk. 

Rømt oppdrettslaks

Ved stasjonen gjer vi også forsøk på genetiske og økologiske interaksjonar som følge av rømt oppdrettsfisk. Dette omfattar spreiing og gjenfangst av rømt oppdrettsfisk og metodar for sterilisering av fisk.

Det eine av våre to sjøanlegg er spesielt utstyrt for å studere miljøet i merdane. Her har vi instrumentering som overvaker åtferd og velferd hos fisken i merden og samtidig registrerer dei fysiske forholda både inne i merden og utanfor.

Klimaendringar og forsuring

Fasilitetane er også utmerka for å gjennomføre forsøk på villfanget fisk som makrell, sild og hestmakrell (taggmakrell), og vi har gjennomført fleire viktige forsøk relatert til fiskeri og grunnleggjande biologisk forståing av slike arter. At vi kan kontrollere vasskvalitet i kar på land, gir oss svært mange moglegheiter for å studere effektar av klimaendringar, forsuring av havet, effektar av forureining med meir.

Forsøkshall i Matre. Foto: Erlend A. Lorentzen