Hopp til hovedteksten
Forde fjord
Utsikt vestover Førdefjorden fra Engebøfjellet. Bygden nedenfor er Vevring.
Foto: Jan Helge Fosså
Utskriftsvennlig versjon

Gruveavfall

Å dumpe gruveavfall i sjø eller fjord kan ha negativ effekt på dei marine økosystema.

Kysten og fjordane våre leverer ei rekkje økosystemtenester; mellom anna er dei viktige produksjonsområde for mange av dei kommersielt viktige fiskebestandane våre.

Dei grovare partiklane frå gruveavfall søkk til botn ganske raskt. Men finpartikla avfall kan bli spreidd med straumen og påverka eit mykje større område. Derfor vil også livet lengre unna og høgare oppe i vassøyla kunne bli påverka av utsleppet. 

Negative effektar på dyreliv og miljø

Dumpinga av store mengder med sand og masser vil ha stor effekt på dyrelivet i havbotnen, og kan i verste fall utradera eksisterande økosystem i området for sjølve sjødeponiet. I tillegg vil eit område rundt deponiet bli påverka av dei minste steinpartiklane i gruveslammet, avhengig av straumar og avfallsmengde.  

Dei påverka areala på botnen, ofte fleire kvadratkilometer, kan bli ein uproduktiv havbotn så lenge dumpinga varer; og truleg i mange tiår etterpå.

Botnfisk, børstemark og krepsdyr vil miste leveområdet sitt. Dei to sistnemnde er ofte mat for fisk, som dermed vil få eit mindre matfat. Sjølv nokre få millimeter med gruveslam kan endre samansetninga og mengda av smådyr i sedimentet. Partiklar frå gruveavfallet vil påverke fysiologien til botndyr som til dømes svampar og andre filtrerande organismar. På lang sikt kan eksponering av gruveavfall føre til redusert tettheit av svampar, som igjen kan føre til at viktige økosystemtenester kan gå tapt.

Fjordområde som er aktuelle for dumping av gruveavfall kan vere gytefelt og leveområde for ulike fiskeartar, men det finst ikkje forsking som dokumenterer kva effektar gruvedrift og -avfall har på fisk, direkte eller indirekte.

Gruveverksemd med sprengingar medfører trykkbølger som kan bre seg ut i vassmassane dersom gruva ligg nært fjorden. Fisk kan skremmast vekk, og gytinga kan bli avbroten eller flytte seg til område som er mindre gunstig for overlevinga til egg, larvar og yngel. Fisk er spesielt sårbar i tidlege livsfasar, og dermed kan rekrutteringa til bestanden gå ned eller stoppe opp. Eigne lokale genetiske stammar av fisk i fjordane kan bli særleg påverka her.

Hoppekreps, som raudåte, vil ete dei små partiklane i gruveslammet. Hoppekrepsen er igjen nødvendig mat for både fisk og fiskelarvar. Redusert næringsverdi og overleving her kan gje indirekte effektar oppover i næringsnettet.

Havforskingsinstituttets tilråding

HI tilrår ikkje deponi:

  • I nærleiken av viktige gyteområde for fisk, eller viss fjordens evne til å produsere fiskeyngel blir negativt påverka
  • I eller ved nasjonale laksefjordar eller i verneområde
  • Som inneheld giftige kjemikaliar som ikkje er miljøtesta, eller viss sjømattryggleik ikkje er dokumentert
  • Viss gruveavfallet har for høge verdiar av tungmetall
  • Viss spreiinga av finfraksjonen blir omfattande, verkar negativt i dei øvre vasslaga eller det er stor usikkerheit omkring spreiinga av finfraksjonen

På grunn av stor variasjon i tiltaka det blir søkt om utsleppsløyve for, og fordi det vil vere ulike miljøforhold i fjordane, rår HI til at det blir gjort grundige miljøvurderingar i kvart enkelt tilfelle. I dette arbeidet må ein vektlegga effektvurderingar basert på gode modellar.