Gå til hovedinnhold

Prosjekt: StoX

stox_300x300.jpg
Periode 01. oktober 2015 -

StoX er ein programvare utvikla på Havforskingsinstituttet for estimering av biomasse frå trål- og akustikktokt. 

Grunntanken bak StoX er å tilby ei felles løysing som alle nasjonar kan ta i bruk, der alle detaljar i utrekninga av eit tokt-estimat vert lagra og kan etterprøvast av den som ynskjer det. StoX er teke i bruk i den offisielle rådgjevinga av dei fleste nasjonar i Nord-Europa, og når stadig nye bruksområde.

Programvaren (versjon 3.0.0.) er no bygd opp i programmeringsspråket R, med eit nytt brukargrensesnitt bygd på nettsideteknologi som liknar det gamle grensesnittet.

At alle utrekningar skjer i R, gjer programvaren langt meir gjennomsiktig og tilgjengeleg for vidareutvikling, samtidig som installering er forenkla med at ein ikkje lenger treng Java.

 https://doi.org/10.1111/2041-210X.13250.

 

Stox 3.1.0