Gå til hovedinnhold

Utvikla ny oppskrift: Slik klonar du laks

– Klonane er fantastiske verktøy for å forske på arv og miljø, seier forskar Tom Hansen.

Over dei siste ti åra har forskarane våre i Matre utvikla ein påliteleg metode for å lage lakseklonar. Målet er å få eit standardisert forsøksdyr.

Prosessen går over to laksegenerasjonar og tar derfor minst 8 år.

– I den første generasjonen brukar vi laksesperm som er behandla med UV-lys. Dette øydelegg spermen sin evne til å overføre arvestoff. Men sædcellene kan svømme inn i egget og befrukte det, slik at celledelinga startar, seier Tom Hansen.

Gjer cella ute av stand til å hive ut kromosom

Deretter trykkbehandlar dei egga midt i ein viktig prosess. Dette gjer at ein mekanisme i cella blir "deaktivert" - ho vil ikkje lengre hive ut det eine kromosomet i eit kromosompar for å ta imot eit kromosom frå laksefaren.

– Resultatet er laksehunnar som har alle genane frå mor si, der dei to kromosomane i eit par er heilt like, seier Hansen.

Men vi er ikkje i mål endå, for desse holaksane (som kjem frå ulike egg) er framleis søstre.

Blir ikkje mor men opphav til klonar

Når desse blir kjønnsmodne, vil dei lage egg som er genetisk identiske. Ved bruk av same prosedyre med UV-lys og trykk, vil dei gi opphav til lakseklonar – fiskar som er identiske til opphavet og kvarandre.

– Sidan ei hoe kan ha meir enn 10.000 egg, kan vi derfor lage tusenvis av heilt identiske avkom.

– Ikkje berre det, men du kan halde fram med å lage dei same laksane til evig tid. Lakselinja er udødeleg. Det er dette som er gull for forskinga, seier Hansen.

Tvillingforskning er hot - vi kan by på titusenlingar

For når lakseforskarane skal forske på arv versus miljø, eller sjukdom, ønsker dei færrast mogleg feilfaktorar.

Oppdrettslaksen er eit avlsdyr som er kraftig endra over tid. Og hverken hos oppdrettslaks eller villaks finn du to like eksemplar.

– Men no kan vi altså lage forsøksdyr som er heilt, heilt like, og som ikkje endrar seg over tid, seier Tom Hansen.

– I medisin er tvillingforskning veldig hot og opphav til mykje god forsking. Her kan vi lage "titusenlingar" til evig tid.

Sjå Tom Hansen vise fram lakseklonane:

Referanse

Hansen, Tom Johnny, David Penman, Kevin Alan Glover, Thomas William Kenneth Fraser, Tone Vågseth, Anders Thorsen, Anne Grete Eide Sørvik, and Per Gunnar Fjelldal. "Production and verification of the first Atlantic salmon (Salmo salar L.) clonal lines." BMC genetics 21, no. 1 (2020): 1-10.