Spesiallaboratoriet

Spesiallaboratoriet består av flere laboratorier. 

Alders-, Otolitt- og Pelagisk lab.

Alderslab: Å vite alder på fisk er avgjerande for Havforskingsinstituttet. Totalt vert det gjort alderlesing på 100 000 otolittar/skjell per år. Ein del av dette arbeidet vert gjort på tokt, men over halvparten av dette arbeidet vert gjort på desse laboratoria. Her preparerer og les ein alder på ca. 30 arter. 45 personar arbeider med dette i større eller mindre omfang. Alderslaboratoriet er også utstyrt for samlesing av otolittar. 
 
Otolittlaben vert otolittane preparert opp mot analyse av årssoner eller dagsoner. Laboratoriet har også stereomikroskop og stereolupe med kamera. På Pelagisk lab vert det gjort undersøkelsar av pelagisk fisk (sild, makrell osv.) , bl.a. alderslesing og mageanalyser.
 

Bentoslaboratoriet​

Laboratoriet analyserer bentosprøvar. I hovudsak vert det gjort artsbestemming og mengdemålingar (vekt, mengde) av botnlevande dyr. I tillegg vert laboratoriet nytta til fiskesystematikk og tørrlagring av prøvar. Det viktigaste utstyret er gode luper og kamera.​
 
 

Saltlaboratoriet

Laboratoriet gjer svært nøyaktige målingar av saltinnhaldet i sjøvatn. Målingane vert brukt til å kalibrere alle HI sine sondedata frå felt/tokt; 5000–6000/år. Målingane vert gjort med salinometer. Dette instrumentet bestemmer saltinnhold i sjøvatn ved å måle leidningsevne og temperatur. Resultata vert rapporterte direkte til Norsk marint datasenter (NMD) og inngår som overvakings- og karteleggingsdata.
 

Zooplanktonlaboratoriet

Zooplanktonlaboratoriet er utstyrt til analyser innan taksonomi, modningsgrad, eggutvikling, biomasse, fordøyelsesgrad og diett. Prøvane er dyreplankton, fisk, fiskeegg, fiskemagar og bentos-organismar. Det viktigaste utstyret på dette laboratoriet er gode luper og kamera. 
 

Planktonkjemi

Planktonlab

Planktonkjemilaboratoriet utfører ei rekkje biogeokjemiske analysar av sjøvatn og mikroorganismane som lever der. Analyse av næringssalt (nitrat nitritt, ammonium, fosfat og silikat), løyst oksygen og mikroplankton-biomasse (pigment, karbon, nitrogen og fosfor), vert gjort på avanserte instrument med høg nøyaktigheit.
 
Prøvane vert i hovudsak samla inn frå polområda (Arktis og Antarktis), frå Barentshavet, Nord-Atlanteren, Nordsjøen, og langs heile norskekysten. Dei viktigaste oppdragsgivarane er dei store overvakingsprogramma. Data frå havovervakinga vert arkivert gjennom Sea2Data og er tilgjengeleg frå Norsk marint datasenter (NMD).