Gå til hovedinnhold

FH 2010-5: Kartlegging av førekomsten av hummar i Møre og Romsdal – hausten 2008

Sammendrag

Totalt vart det tatt opp 5 552 humrar fordelt på 29 817 teinedøgn (oktober-desember) i denne kartlegginga av førekomsten av hummar i Møre og Romsdal. Fangstane av hummar var fordelt på 3 område: Nordmøre, Romsdal og Sunnmøre. Dei mediane tala på fangstar av hummar pr. 100 teinedøgn varierte mellom 15,5 og 21,2 på Nordmøre, mellom 18,0 og 38,9 i Romsdal og mellom 10,8 og 14,5 på Sunnmøre i perioden oktober – desember. Dei gjennomsnittlige fangstane av hummar pr. 100 teinedøgn var ulikt mellom geografiske område, men ikkje mellom månader. Dei gjennomsnittlege tala på teinedøgn pr. fiskar pr. månad var korkje ulikt mellom geografiske område eller månader. Enkel lineær regresjonsanalyse viste at fangsten av hummar pr. 100 teinedøgn minka med aukande innsats. Den gjennomsnittlige delen med fangstar under 10 hummar pr. 100 teinedøgn var 23,5 % for dei 3 områda i kartleggingsperioden. Resultata frå denne første undersøkinga av hummarbestanden i Møre og Romsdal kan tyda på at hummarbestanden er i ein langt betre tilstand i Møre og Romsdal enn lenger sør, og at den i store deler av fylket ligg godt over forvaltningsmålet på 10 hummar pr. 100 teinedøgn.