Akustisk overvaking av seien sin vandring i Ryfylkebassenget (Rapport fra Havforskningen nr. 14-2012)

Sammendrag

Oppdrettsanlegga trekk til seg til marine fiskeartar, og samlingar av sei er vanleg ved anlegg langs heile norskekysten. Fordi denne seien kan eta oppdrettsfôr, har fiskarane i Ryfylke opplevd redusert kvalitet og omsetjingsvanskar for fisken. Det har også vorte stilt spørsmål om seien sin naturlege vandring mellom fjord og ope farvatn vert påverka av oppdrett. Det var såleis ynskje om å starte ein innleiande merkestudie for å få meir kunnskap om seien sin åtferd i Ryfylke.