Gå til hovedinnhold

God status på importert sjømat


fiskifiskebutikkhelgeskodvinnifes027web

Foto: Helge Skodvin

Sjømat som vart importert til Noreg i 2015, hadde gjennomgåande god kvalitet og få overskridingar av gjeldande grenseverdiar for framand- og smittestoff.

I 2015 tok Mattilsynet ut 110 prøvar av sjømat som vart importert frå land utanfor EU/EØS- området. Alle animalske produkt som vert importert frå tredjestatar (land utanfor EU/EØS) skal godkjennast ved veterinær grensekontrollstasjon før dei kan takast inn. NIFES har analysert prøvane for uønskte stoff, mikroorganismar og parasittar.

– Det er nokre få unnatak, men kvaliteten og tryggleiken på importert sjømat er gjennomgåande god, seier Bjørn Tore Lunestad, seniorforskar ved NIFES.

Nokre få overskridingar

Ei prøve av tigerreke (scampi) frå Bangladesh og ei prøve av eit prosessert sjømatprodukt frå Thailand hadde høge nivå av koliforme bakteriar (tarmbakteriar).

Det vart ikkje funne bakteriar som Salmonella eller Vibrio i nokon av prøvane, men Listeria blei funne i ei prøve av Blue Grenadier frå Malaysia og i ei prøve av tunfisk frå Thailand. I begge prøvane var mengda bakteriar under gjeldande grenseverdi. Det blei funne parasittar i 14 prosent av prøvane, men desse var døde og representerte dermed ikkje ei infeksjonsfare.

Det blei også funne ein indikasjon på bruk av ulovleg legemiddel i ein prøve av Pangasius frå Vietnam.

– Dersom analyseresultata viser overskridingar blir Mattilsynet varsla om dette, seier Lunestad.

84 prøvar blei undersøkte for tungmetall og organiske miljøgifter. To prøvar hadde verdiar over grenseverdi. Dette var blekksprut frå Argentina og eit prosessert rekeprodukt frå Thailand.

Kontroll av varer som kjem frå land utanfor EU

Noreg er forplikta til å utføre veterinær grensekontroll av varer som blir importert til EU/EØS-området frå land utanfor dette området, såkalla «tredjeland». Den veterinære grensekontrollen skal avdekka varer som har dårleg kvalitet eller har eit innhald av mikroorganismar, parasittar eller uønskte kjemiske komponentar (tungmetall, organiske forureiningsstoff eller restar av legemidlar over gjeldande grenseverdiar) som kan setje mattryggleiken i fare.

NIFES er, på oppdrag frå Mattilsynet, ansvarleg for analysar, faglege vurderingar og årsrapportar for sjømatdelen av dette arbeidet.

»Last ned PDF-versjon