Gå til hovedinnhold

Skal studera effekten av olje på sju viktige artar

Ny forsking viser at oljeeksponering kan «skru på og av» gen og forstyrra hjarteutviklinga til hyselarver. No går Havforskingsinstituttet i gang med Eggtox – eit stort, treårig prosjekt som skal finna effektar av og tolegrenser for oljeforureining hos torsk, hyse, sei, polartorsk, sild, kveite og lodde. Forskarane skal også identifisera bakanforliggande biologiske mekanismar og oljekomponentar som gjev alvorlege effektar.

Studien som viser korleis oljekomponentar forstyrrar genreguleringa hos hyseegg og larver er akkurat publisert i det anerkjende tidsskriftet eLife.

Hysefunn overraska forskarane

– Vi har identifisert fleire nye gen som kan fungera som biomarkørar for redusert overleving hos hyselarver, seier Elin Sørhus, som er førsteforfattar på artikkelen. Tidlegare har ho og kollegaer frå Havforskingsinstituttet vist at egg frå hyse er langt meir utsette for oljeforureining enn torskeegg. Hyseegga har nemleg eit klebrig skall som gjer at oljedråpane festar seg betre og blir sitjande fast lenger. Funnet kom overraskande då hyse og torsk er nær i slekt.

Studerer biologiske mekanismar

– Kunnskapen om det spesielle skalet til hyseegga illustrerer kor viktig det er at vi undersøkjer fleire fiskeartar – det held ikkje å bruka éin art i risikovurderingane. Fisk har ulik fysiologi og reagerer forskjellig på olje, seier Sonnich Meier, som er prosjektleiar for Eggtox. Prosjektet omfattar torsk, hyse, sei, polartorsk, sild, kveite og lodde.

– Takk vere ny og meir effektiv teknologi – avansert mikroskopi – kan vi no sjå direkte kva som skjer i egget, og følgja påverknaden over tid. På sikt skal den nye kunnskapen inn i risikovurderingar for område med petroleumsverksemd, forklarar han.

Skal finna terskelverdiar

Eggtox har også ein analytisk kjemidel. Målet her er større kunnskap om dei ulike komponentane i olje, og å identifisera kva stoff som fører til forstyrringar i hjarteutviklinga hos hyselarvene.

– Det finst fleire tusen ulike stoff i olje. I dag fokuserer vi på gruppa med tjærestoff (PAH), men det er mange fleire stoff i olja som kan vera giftige. I denne delen kjem vi også til å inkludera studiar på mikrodråpar av olje. Det er viktig for å forstå langtidsverknadene av oljeutslepp. Sjølv om olja blir broten ned og forsvinn ut av syne, kan dei ulike stoffa ha lang levetid og gjera stor skade i naturen, seier Sonnich Meier. 
I prosjektet skal forskarane også finna ulike terskelverdiar for oljepåverknad – det nivået der olja er så giftig at fisken blir alvorleg svekt eller dør.

Eggtox er finansiert med 7,4 millionar kroner frå Noregs forskingsråd. Havforskingsinstituttet går inn med over fire millionar kroner. Det amerikanske havforskingsinstituttet (NOAA –National Oceanic and Athmospheric Administration) har fått ei finansiering på 1 millionar dollar i USA til tilsvarande studiar. Noreg og USA kjem til å arbeida tett saman og gjera desse studia i fellesskap.