Gå til hovedinnhold

Ålen sjekkar både klokka og kompasset for å finne kysten


Glasål

Europeisk ål (Anguilla anguilla) klekk i Sargassohavet. Som glasål hoppar han av golfstraumen mellom Kanariøyene og Nord-Norge.

Korleis den europeiske ålen finn vegen frå Sargassohavet til våre kyststrøk og elvemunningar, har vore eit langvarig, vitskapleg mysterium. Ein spesiell tank utpå eit jorde i Austevoll, kan ha gitt svaret.

Den europeiske ålen set ut på ein odyssé frå han klekk i Sargassohavet. Som larve dreg han tusenvis av kilometer over Atlanterhavet før han når den europeiske kontinentalsokkelen. Der blir han til glasål, og endrar form og åtferd. Ålen har haika med Golfstraumen, men hoppar no av ein stad mellom Kanariøyene og Nord-Norge for å søke seg mot elvemunningar langs kysten. Ingen har visst sikkert korleis han finn fram.

Flytta polane – ålen følgde med

Forskarar frå Havforskingsinstituttet og Universitetet i Miami har publisert ein studie i Science Advances som slår fast at glasål brukar eit indre, magnetisk kompass kombinert med ei «tidvassklokke» for å finne vegen. Resultatet kom dei fram til ved å plassere glasålen i to høgst utradisjonelle behaldarar.
MagLab_inne

I denne tanken fulgde glasålen sør, kor enn sør var.

Foto: Alessandro Cresci
 
Midt på eit jorde i Austevoll står MagLab, eit uthus med ein tank som er skjerma mot naturleg magnetisme. Med eit sett av store leidningskveilar kring tanken, kan forskarane danne sine eigne magnetfelt. Her «flytta» dei himmelretningane 90 grader i slengen for å sjå korleis åleyngel reagererte. Mens dei flytta polane, følgde ålen det som representerte sør. (Sjå video av MagLab: https://youtu.be/pcSLOFsW8eI)
 
– Det er ikkje tidlegare påvist at glasål navigerer med eit indre, magnetisk kompass, seier Anne Berit Skiftesvik ved Havforskingsinstituttet.
 

Svømte mot straumen

For å måle korleis straum og tidevatn påverkar ferda, fekk ålen svømme i ein finmaska pose som flaut i sjøen. For å motverke ebbande tidvatn, svømte glasålen igjen mot sør.
(Sjå video av eksperimentet: https://youtu.be/gqT2I70tITM)
 
Ålen orienterer seg altså ut frå jorda sine magnetfelt samtidig som han justerer retning med tidvatnet.
 
– Det er fantastisk at desse små, gjennomsiktige glasålane kan kjenne magnetfelta. Det indre kompasset deira kan vere nøkkelen til at dei greier den imponerande reisa over Atlanteren, seier doktorgradsstudent Alessandro Cresci frå Universitetet i Miami, som har gjort mykje av feltarbeidet.
 

Magnettanken står klar

Forskar Anne Berit Skiftesvik ved Havforskingsinstituttet fortel at metodane også kan brukast for å finne ut meir om andre artar sin migrasjon.
 
– Dette studiet gjer at vi forstår migrasjonen til ålen betre, men kan også seie noko om annan fisk som brukar magnetisk orientering. I MagLab på Austevoll kan vi teste det i praksis, seier ho.
 
MagLab

I MagLab på Austevoll kan forskarane «flytte» himmelretningane og sjå korleis fisk reagerer.

Foto: Alessandro Cresci

Referanse

A. Cresci, C. B. Paris, C. M. F. Durif, S. Shema, R. M. Bjelland, A. B. Skiftesvik, H. I. Browman, Glass eels (Anguilla anguilla) have a magnetic compass linked to the tidal cycle. Sci. Adv. 3, e1602007 (2017).

http://advances.sciencemag.org/content/3/6/e1602007