Gå til hovedinnhold

Blir ein av hovudforfattarane om hav og is


Geir og is

Havforskar Geir Ottersen blir ein av hovudforfattarane av FN sin spesialrapport om hav og is.

Havforskar Geir Ottersen blir ein av hovudforfattarane av FN sin spesialrapport om hav og is. Ottersen er ein av tre hovudforfattarar frå Noreg.

– Eg har ansvaret for det som handlar om havforsking i Arktis, først og fremst i det nordlege Barentshavet og Polhavet, fortel Ottersen.

Spesialrapporten er ein del av arbeidet som blir gjort at FN sitt klimapanel (IPCC).  Panelet blei oppretta i 1988 og har gitt ut fleire rapportar sidan den gongen. No blir det arbeidd med den sjette hovudrapporten, og spesialrapporten om hav og is skal vere ein del av grunnlaget for den.

Polområda

– Kapittelet eg er med på skal omfatte polområda, det vil seie både Antarktis og Arktis. Mitt bidrag skal dreie seg mest om dei biologiske endringane som skjer som følge av klimaendringane og korleis det påverker økosystema og dermed fiskeria i området. Førebels er det lite som tyder på at det blir noko omfattande fiskeri i Polhavet, men det er viktig at vi held fram med forskinga vår i området. Dermed kan vi følge med etter kvart som det skjer endringar i økosystemet, seier Ottersen.

Akkurat no er Havforskingsinstituttet på tokt i Polhavet for å kartlegge både straum, temperaturar, isforhold og alt frå plankton til store kvalar. Det er det fjerde Polhavstoktet på like mange år, og det går inn Havforskinga sitt strategiske initiativ for Arktis (SI_Arctic).

– Dette blir svært nyttig kunnskap for oss, og vi som er hovudforfattarar setter ut oppdrag til andre forfattarar dersom vi meiner det er naudsynt, fortel Ottersen.

Omfattande prosess

I alt er det 100 hovudforfattarar som har ansvar for kvart sitt fagområde i rapporten.

– Vi har blitt plukka ut etter ein omfattande prosess. Først må kvart land nominere sine kandidatar, deretter er det klimapanelet som set saman forfattargruppa. Då er det fleire faktorar som tel. Først og fremst må forfattarane ha god oversikt over sitt fagområde og til saman dekke «alt». I tillegg skal det være balanse mellom kjønna og ulike land, spesielt mellom u-land og i-land, avsluttar Ottersen.

Dei to andre forfattarane frå Noreg er Martin Sommerkorn frå WWF og Miriam Jackson frå Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE).