Gå til hovedinnhold

Nedgang i kvoteråda for makrell og sild for 2018


Makrell og sild

Kvoteråda for makrell og sild går ned. For kolmule og hestmakrell er det ein auke i kvoterådet.  

Makrellrådet blir redusert med 35 prosent til 550 948 tonn og silderådet med 15 prosent til 546 472 tonn. Hovudforklaringa er at begge bestandane er for nedgåande å rekna. 

Bestandsvurderinga av makrell byggjer på to typar data: Fiskeriavhengige data som kjem frå fiskerinæringa og eigne toktdata frå havforskarane. Sistnemnde kategori tel data frå tråltokt, merketokt (RFID- og stålmerke) og eggtokt samt rekrutteringsindeksen.

Minkar på makrellen

– Det er litt forskjellige trendar i desse datakjeldene. Tråltoktet viser ein liten auke i mengdeindeksen, men totalbiletet er likevel nedgang i bestanden. Det slår inn på kvoterådgjevinga, og vi får eit såpass mykje lågare kvoteråd enn det som er gitt for 2017, forklarar forskingsdirektør Geir Huse på Havforskingsinstituttet.
Han legg til at nedgangen i tillegg skuldast ei endra oppfatning av bestanden etter metoderevisjonen, der tidsserien på gytebestanden blei justert ned samanlikna med bestandsvurderinga i 2016.

Stort makrellfiske

– Rådet byggjer på den best tilgjengelege kunnskapen vi har, men det er også knytt uvisse til makrellrådet. Nokre av dataseriane er framleis korte. Det påverkar bestandsvurderinga av makrellen i nokre år før desse seriane blir lengre og meir stabile, seier Geir Huse.
Forskingsdirektøren minner om at sjølv om den vidfarande makrellen no er å finna lenger mot nord enn nokon gong, betyr ikkje det at det nødvendigvis er så mykje meir av han. Dei ulike kyststatane har dessutan landa høge makrellfangstar i ei årrekkje. Det store uttaket slår også inn på rådgjevinga.

– Fiskeri er den viktigaste årsaka til nedgangen i bestanden saman med litt lågare rekruttering dei siste tre åra. Vår rådgjeving er basert på føre-var-prinsippet, og skal sikra eit langsiktig og høgt uttak av makrellen.    

Sildebestanden blir eldre

2018-kvoterådet for sild er på 546 472 tonn. For 2017 var rådet på 646 075 tonn.

– Silda lir framleis av mangelen på ein sterk årsklasse, og bestanden blir eldre og med færre fisk. Litt påfyll sørgjer ein moderat god 2013-årsklasse for, men det er ikkje i nærleiken av å monna like godt som
2004-årgangen, den siste verkeleg gode årsklassen, fortel Geir Huse.

Opp for kolmule og hestmakrell

Rådet for kolmule går opp med 3 prosent. Kolmulebestanden er i god forfatning. For 2018 er kvoterådet sett til 1 387 872 tonn, medan rådet for 2017 var på 1 342 330 tonn. Samtidig ser det ut at rekrutteringa dei siste årea har vore noko svakare. Det peikar på ein nedgang i bestanden dei komande åra.
Kvoterådet for vestleg hestmakrell går opp frå 69 186 tonn til 117 070 tonn. Auken utgjer heile 69 prosent, og skuldast at metoderevisjon ga endra oppfatning av bestandsnivået. Trenden er framleis nedgåande. Noreg driv eit relativt lite fiskeri på denne arten, og fangstane har variert mykje dei siste åra.    

Sendte live fra Nordnes

Her er livesendingen som gikk på Facebook fra forskningsdirektør Geir Huse sin presentasjon av kvoterådene. Presentasjonen starter etter cirka to minutter inn i filmen.