Gå til hovedinnhold

Undersøker om oppdrettsanlegg påverkar torskegyting


terje

Terje van der Meeren fangar torsken i ruser.

Påverkar oppdrettsanlegg vandringa, gytinga og rekrutteringa til torsken? Gjennom å følge Smøla-torsk tett, skal ICOD-prosjektet finne svar.

Havforskingsinstituttet er no i gang med prosjektet «Impacts of salmon farming on Atlantic cod spawning grounds» (ICOD) som skal forske på torsk ved Smøla over tid.
 
– Gjennom ICOD vil vi dokumentere om det er slik at etableringa av eit oppdrettsanlegg nær eit kjent gytefelt for atlantisk torsk vil påverke torsken sitt vandringsmønster og gyting, fortel prosjektleiar Raymond Bannister.
 
– Med ei veksande akvakulturnæring, vil kystområda kunne bli utsett for større konkurranse mellom fiskeri, akvakultur og andre interesser. Då er det stadig viktigare å vite korleis dei ulike påverkar kvarandre, fortset han.

Kombinerer fleire forskingsfelt

ICOD er eit stort prosjekt med fleire underprosjekt. Næringane er interesserte i svar: Smøla fiskarlag, Marine Harvest og Fiskeri- og havbruksnæringens forskningsfond og Havforskingsinstituttet har finansiert prosjektet saman. Forskinga er multidisiplinær.
 
– Vi kombinerer fleire forskingsfelt. Vi registrerer vandringa til merkt torsk, samlar inn torskeegg, målar fiskemengd, tar DNA-prøvar og prøvar av havbotnen. Sett inn i oseanografiske modellar for havstraum og partikkelspreiing, vil dette gi oss heilt ny informasjon, seier Raymond Bannister.
 
Han har sjølv tatt prøver av miljøet i havbotnen, og vil følge med på om utslepp frå oppdrettsanlegg endrar gyte- og oppvekstområda gjennom forsøksperioden.

Ser etter endringar over tid

Undersøkingane vil danne ein tidsserie fram til 2020 i første omgang. Med den nye kunnskapen om akvakultur sin påverknad på torskegytinga, vil Havforskingsinstituttet kunne gi betre råd til myndigheitene om forvalting av kystområde.
 
Havforskar Terje van der Meeren er leiar for eitt av delprosjekta i ICOD. Han er no på Smøla for å fange yngel og småtorsk.
 
– Vi fiskar i område som vi antar kan vere påverka av fiskeoppdrett, og i upåverka referanseområde. Vi tar mål av fisken og sikrar oss genetiske prøver før vi slepp han ut igjen. Ved å overvake torsken over fleire år, kan vi sjå etter endringar, fortel Terje van der Meeren.
 
Frå genane kan forskarane skilje skrei frå kysttorsk, men dei kan også sjå om kysttorsken deler seg inn i fleire bestandar.
 
NRK Møre og Romsdal følgde Terje van der Meeren ein arbeidsdag. Sjå innslaget i NRK nett-tv.