Gå til hovedinnhold

Ny metode for sildeprøvar skal betre silderådgivinga


tokt

Silda blir aldersbestemt frå fiskeskjela, og for å sikra god kvalitet bør sildeprøvane takast tidleg i fangstprosessen.

Det bør helst takast prøvar av silda så raskt som råd etter at fangsten er tatt om bord. Eit nytt, lotteriinspirert system skal syta for raske og representative sildeprøvar. 

I dag sender ei rekke fartøy og mottaksanlegg fryseprøvar av sild til Havforskingsinstituttet (HI). På HI vert prøvane analyserte for å finna alderen på silda og andre data som går inn i bestandsrådgivinga.

Silda er spesiell

– Næringa gjer ein flott innsats, og vi får inn nok fangstprøvar. Problemet er at vi treng meir representative prøvar som dekkjer fangsten gjennom eit heilt år. Det betyr at prøvane må vera spreitt utover i tid og geografisk område, og koma frå forskjellige fartøy, forklarar HI-forskar Håkon Otterå. Han har vore med og utvikla det nye systemet for fangstprøvar.
Silda er spesielt utfordrande av di aldersbestemminga skjer med skjell. Silda har lett for å mista skjell, og derfor er det er viktig å få teke prøvane tidleg i fangstprosessen og med så lite handtering av silda som råd.

Stor fangst gjev god «odds»

For ca. eit år sidan byrja HI og Fiskeridirektoratet eit arbeid med å betra fangstprøvetakinga av sild. Arbeidet er gjort i dialog med fiskerinæringa.
Kort fortalt går det nye systemet ut på å bruka dei elektroniske fangstdagbøkene til å bestilla prøvar direkte hos sildeflåten.

– Bestillinga vert gjort i fangstøyeblikket, og byggjer på eit lotterisystem der storleiken på fangsten avgjer «oddsen» for om det skal takast prøve eller ikkje. Fartøy som «vinn», blir bedne om å frysa ned ein prøve på ca. 10 kilo sild, forklarar Håkon Otterå. Prøven vert så levert på mottaksanlegget og transportert vidare til HI.

Treng brei oppslutning

Omlegginga til det nye systemet medfører at leverandørane av dei elektroniske fangstdagbøkene må gjera nokre endringar i systema. Dagbøkene må mellom anna kunna senda ei automatisk generert fangstmelding som HI straks kan svara på.
 
– Målet med omlegginga er å skaffa betre grunnlagsdata som i sin tur vil gje meir presise råd i forvaltinga av sild. Om alt går etter planen tek vi i bruk den nye prøvetakinga rundt årsskiftet. Dersom vi lukkast med å forbetra prøvetakinga på denne måten, ser vi for oss å utvida det til å gjelda fleire bestandar og andre land, seier Håkon Otterå. Han understrekar at den nye prøvetakingsprogrammet er frivillig, men at det er avgjerande med god oppslutning frå heile næringa for at det skal fungera.