Ga klima- og bestandsoversikt på årsmøte

C:\Users\marie\Desktop\MX0B8937.JPG

Klima- og miljøutfordringane var hovudtema på Fiskebåt sitt årsmøte på hotel Bristol i Oslo. Forskar Svein Sundby, som har vore med og skriva FNs klimarapport, heldt innlegg på årsmøtet.   

Fotograf: Erlend Astad Lorentzen

Havforskingsinstituttet hadde ein stor delegasjon på årsmøtet til Fiskebåt. Dei tok for seg klima, status for dei viktigaste fiskebestandane og målsettinga for villfiskforvaltinga.    

Svein Sundby, som er ein av dei mest erfarne klimaforskarane på Havforskingsinstituttet (HI), etterfølgde klima- og miljøminister Ola Elvestuen på talarstolen. Sundby fortalde korleis varmekjæra artar, som til dømes lysingen, trekk nordover når sjøtemperaturen aukar.

Men nord for polarsirkelen er det berre dei artane som klarer å tilpasse seg som har noko å gjere. Det er med andre ord ikkje nødvendigvis slik at nye artar vil renne inn i nord, sa han.

I referanseflåten deltek både kyst og havgåande fartøy. Havforskingsdirektør Sissel Rogne understreka at fangstprøvane frå flåten og det andre den bidreg med er svært viktig for HI. (Foto: Erlend Astad Lorentzen)  

Makrellen dreg på åra

Havforskningsdirektør Sissel Rogne snakka om målsettinga for villfiskforvaltinga. Etter lunsj var det tid for å gå litt meir i djupna. Då tok forskingsdirektør Geir Huse, forskar Leif Nøttestad og forskar Maria Fossheim for seg stoda for dei viktigaste fiskebestandane i Nordsjøen, Norskehavet og Barentshavet. Geir Huse greidde også ut om korleis HI gir råd og jobbar med å forbetre dei.

Makrellen vekkjer alltid litt ekstra åtgaum. Leif Nøttestad kunne fortelja om god rekruttering og gytebestand, men ingenting veks i himmelen, minna han om. 

Også makrellen vi fiskar blir eldre. Vi må førebu oss på at vi kan få tilbakegang framover, sa Nøttestad.