Gå til hovedinnhold

Set ut på makrelltokt med nytt land på laget


MX0B0898

Fiskar Lawrence John Riley med vaksen makrell. Frå Norge er "Vendla" med på makrell- og økosystemtoktet for andre året, i tillegg til "Kings Bay".

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Sommartid er tid for det årlege tråltoktet etter makrell. Med også Danmark på laget, samarbeider fem land om å kartlegge mengda makrell og utbreiinga deira.

– At Danmark no blir med, vil med tida gi endå betre oversikt. Blir det jamt over meir eller mindre fisk, eller flyttar fisken seg frå eit havområde til eit anna? Jo større dekningsområde jo betre kan vi svare på dette spørsmålet, seier toktleiar Kjell Rong utne.

Supplerer frå Nordsjøen

Makrell- og økosystemtoktet i Norskehavet er frå før eit samarbeid mellom Island, Grønland,

Færøyane og Norge. I fjor tråla vi saman over 3 millionar kvadratkilometer hav for å finne ut meir om storleiken og utbreiinga til makrellbestanden.

I år supplerer danske havforskarar med dekning av nordlege og sentrale Nordsjøen.

Som i fjor deltar Havforskingsinstituttet med dei innleigde fiskebåtane «Kings Bay» og «Vendla». Dei går frå Bergen 4. juli.

Målar med trål og akustikk

Makrellen har ikkje svømmeblære og står spreidd om sommaren i jakta på raudåte. Dette gir svakt ekko. Hovudmetoden for å anslå kor mykje det er av han, er derfor å fiske.

– I toktet trålar alle båtane langs kvar sine faste transekt, linjer på kartet, med same standardiserte trål. Vi registrerer mengd og aldersfordeling på makrellen, fortel Utne.

I det same toktet målar forskarane mengda kolmule og norsk vårgytande sild med ekkoloddet. Men også for desse fiskane er det trålfangsten som avslører størrelses- og aldersfordeling.

– Toktet registrerer også ein rekke andre artar, som laks, rognkjeks, plankton og kvalobservasjonar, seier Utne.

Er éin av fire tidsseriar i makrell-berekninga

Trålindeksen for makrell har gått inn i bestandsestimatet til det internasjonale havforskingsrådet (ICES) sidan 2014. I tillegg kjem tre andre tidsseriar: Eggtoktet, rekrutteringsindeksen og tal frå merking og gjenfangst. (Les også: RFID-merkt makrell med i kvoterådgjevinga for første gang)

Til saman gir tidsseriane grunnlaget for å vurdere storleiken på makrellbestanden, og set havforskarane i stand til å gi berekraftige kvoteråd.

Vi kjem til å legge ut bilde frå makrelltoktet på vår facebook-side.

Ivar Magne Østervold på "Vendla" får den standardiserte mulpelt-trålen i sjøen. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)