Utviklinga i ICES på møteplanen

ICESMote1.jpg

Samla til ICES-diskusjon: Kjell Ingebrigtsen (Fiskarlaget), Liv Holmefjord (Fiskeridirektoratet), Per Sandberg (Fiskeridirektoratet), Vidar Landmark (NFD), havforskingsdirektør Sissel Rogne og Jonny Berfjord (Fiskebåt)

Fotograf: Stine Hommedal/HI

Utviklinga i ICES var tema for dagen då HI, Fiskarlaget, Fiskebåt, Nærings- og fiskeridepartementet og Fiskeridirektoratet møttes fredag. 

Bakgrunnen for møtet var at Fiskarlaget har uttrykt bekymring for enkelte sider av utviklinga og prioriteringar i IDet internasjonale havforskingsrådet ICES. 

Det var fleire punkt på agendaen for møtet; deriblant ei gjennomgang av rådgjevingsprosessen ved HI-forskar Harald Gjøsæter. 

Deltakarane drøfta mellom anna sider ved denne prosessen, forholdet til andre medlemmar samt norske prioriteringar inn i ICES-arbeidet. 

Heile gjengen: Forskarar og leiarar frå Havforskningsinstiuttet, Nærings- og fiskeridepartementet, Fiskeridirektoratet, Fiskarlaget og Fiskebåt var samla til felles drøfting av utviklinga i Det internasjonale havforskingsrådet ICES i Bergen. Foto: Stine Hommedal/HI
​​​​​