Meir samarbeid med Høgskulen på Vestlandet

G:\Geir Huse\2018\november\samarbeid.jpg

Havforskingsinstituttet og Høgskulen på Vestlandet skal samarbeida meir. Nyleg møttes forskingsdirektør Geir Huse (t.v.), instituttleiar Geir Martin Førland, rektor Berit Rokne, havforskingsdirektør Sissel Rogne og forskingsdirektør Geir Lasse Taranger for å drøfta mulige prosjekt.

Havforskingsinstituttet og høgskulen har mange naturlege treffpunkt – no blir samarbeidet formalisert og utvida.

Høgskulen på Vestlandet har 16 000 studentar som fordeler seg på fire fakultet. I den nye strategien legg høgskulen stor vekt på at utdanningstilbodet skal vera profesjons- og arbeidslivsretta. Det går godt i hop med fleire av måla i strategien til Havforskingsinstituttet (HI). Blant anna skal HI vera i front med å vidareutvikla og ta i bruk ny metodikk, instrumentering, forskingsinfrastruktur og avansert databehandling.

Stadig meir data

Geir Huse er forskingsdirektør på HI, og har vore med i drøftingane om korleis HI og Høgskulen kan ha gjensidig nytte av kvarandre. Han fortel at HI alt har fleire fellesprosjekt med høgskulen, men at potensialet for meir samarbeid er stort. Databehandling er eit godt døme.

– HI samlar inn store mengder data til bruk i rådgiving og forsking. Berre dei siste åra har vi samla inn meir data per år enn i alle dei føregåande åra til saman. Desse enorme datamengdene må bearbeidast på ein god og effektiv måte, og vi har stort behov for medarbeidarar med naudsynt utdanning i IKT-fag.

Satsar på studentsamarbeid

Modellering og maskinlæring – som til dømes kan nyttast til å artsidentifisera fisk – er andre fagområde der behovet for kompetanse aukar, fortel Geir Huse.

– Høgskulen på Vestlandet har stor breidde i utdanningstilbodet sitt, og vi har hatt gode diskusjonar om korleis fleire studentar kan ta oppgåver hos oss på bachelor-, master- og doktorgradsnivå, seier han.

Høgskulen og HI samarbeider også om teknologi innan Havobservasjonslaboratoriet.