Gå til hovedinnhold

Ny HI-leiar i front for internasjonal havekspertgruppe


ph3 KM

Ny HI-programleiar: Professor Peter Haugan. Foto: Kjartan Mæstad

Professor Peter Haugan er den nye programleiaren for Fiskerifagleg utviklingssamarbeid ved HI. Han er også med i leiinga for ekspertgruppa som skal levere kunnskap til Erna Solbergs høgnivåpanel. 

Tysdag 20. november møtes 135 havekspertar frå heile verda i Bergen. Dei skal drøfte utfordringar og moglegheiter for reine og rike verdshav. 

Konferansen «Ocean for Science Actions» skal gje innspel til Erna Solbergs høgnivåpanel for berekraftig havøkonomi. 

Møtes for første gong i Bergen 

Sentralt i arbeidet med havkonferansen i Bergen, er nybakt HI-programleiar Peter Haugan. 

Han er også ein av tre leiarar av ekspertgruppa som skal levere kunnskapsgrunnlaget til høgnivåpanelet, saman med Jane Lubchenco frå USA og Mari Elka Pangestu frå Indonesia.

Dei 40 internasjonale ekspertane i gruppa møtes for første gong i Bergen måndag 19. nov.  

 – Me skal få laga «blue papers», faglege rapportar om ulike deltema som underbygger ei samla synteserapport. Den skal så vere basis for anbefalingar som alle de 12 landa i høgnivåpanelet stiller seg bak. Det overordna målet å utvikle ein berekraftig havøkonomi, fortel prof. Peter Haugan.  

Mål: Konkrete anbefalingar for berekraftig bruk 

– Det handlar om ulike typar verksemd knytt til bruk av havet; sjømat, energi, transport. Vi skal kome med anbefalingar om politikk og reguleringar som gjer dette berekraftig, forklarar Haugan. 

– Håpet er at vi får til mest mogleg gode, konkrete forslag, som gjer at vi vil få med oss endå fleire land inn i arbeidet. 

– Rett og slett, noko som er så godt at det kan overbevise heile verda! 

Skal leie HI-programmet for Fiskerifagleg utviklingssamarbeid 

Peter Haugan har vore professor ved Geofysisk institutt ved Universitetet i Bergen sidan 1999. Dei siste åra har han hatt ei bistilling ved Havforskingsinstituttet. Ved årsskiftet tek han spranget fullt ut, og vert programleiar for Fiskerifagleg utviklingssamarbeid ved instituttet. 

– Eg har jo kjent mange folk på HI i alle år, og sett at folk trivst godt. Men årsaka til at eg slo til på HI-jobb nett no, er at det var ei svært spennande stilling, seier han. 

– Her skal me sette utvikling i u-land og global utvikling i samanheng. Det er sjølvsagt viktig å løfte utviklingsland, men eg trur måten å gjere det på, er å også sjå på den globale utviklinga, den som angår heile verda, samtidig. 

– Innanfor dette temaet er det mange spennande oppgåver for Havforskingsinstituttet, som eg har veldig lyst å vera med på. 

Peter Haugan har dei siste åra jobba med å få til FN sitt tiår for havforsking for berekraftig utvikling. Dette vert ein realitet frå 2021. 

– I mi nye stilling håpar eg på å få vere med på å gjere denne satsinga til ein suksess, og sikre at Noreg bidreg godt inn i dette langsiktige arbeidet for berekraftig bruk av havet .