Gå til hovedinnhold

Mykje flyndreegg, lite torskeegg langs sørlandskysten


eggtokk1t

Mannskapet trekk egghåven på kvar stasjon, før forskarar og teknikarar analyserer fangsten om bord. Dei fleste egga på dette bildet er frå sandflyndre.

I over to veker har havforskarane kartlagt kystfisken sine gytefelt frå Risør i sør til Siragrunnen ved grensa mot Rogaland.

Med forskingsfartøyet «G.M. Dannevig» stoppa forskarane på 390 prøvetakingsstasjonar for å trekke egghåven opp frå 50 meters djup. Det er standard prosedyre.

– Tidlegare har vi kartlagt gytefelt for kysttorsk, men no var vi mest ute etter egg frå andre torskefiskar langs kysten, som hyse, sei, lyr og kviting, fortel toktleiar Sigurd Heiberg Espeland.

Vil vite meir om «annan» fisk

Kor og kva tid kystfisken gyter, er viktig kunnskap når forvaltninga skal gi løyve til sprenging, mudring eller annan menneskeleg aktivitet som kan gå ut over dyrelivet.

Masterstudent Malin Lindal Olaussen var med for å konsentrere seg om dei ulike flyndreartane.

– Vi fann mykje egg frå sandflyndre, gapeflyndre, skrubbe og raudspette, fortel ho.

Sjå Olaussen fortelje om masteroppgåva si i denne filmen:

Forskarane fann også egg av brisling, tangbrosme og fløyfisk.

Skralt med torskeegg på gamle «godplassar»

– Kysttorsk såg vi derimot lite av, sjølv på det som var gode gytefelt for ti år sidan, seier Sigurd Heiberg Espeland.

På kjende gytefelt som i Sørfjorden i Risør, Tvedestrandsfjorden og Toppdalsfjorden i Kristiansand fekk forskarane godt under ti torskeegg i kvart håvtrekk.

– Tidlegare rekna vi 20-30 torskeegg for ein laber fangst, seier han.

Ved Sørøya i Finnmark har Espeland og kollegaane fått 3000 skrei-egg i eitt håvtrekk. I motsetning til kysttorsken er skreien ein torskebestand i god forfatning. Meir om det her: Dette er dei norske torskane

Simulerer seg fram til gytestaden

Totalt fann forskarane 6500 egg og larvar. Desse er fotograferte gjennom mikroskop og lagde på sprit. Dermed kan forskarane ta genetiske prøver av dei på land.

Når egga er artsbestemde frå DNA, skal oseanografar simulere korleis egga har drive med havstraumane etter gyting. Då vil dei finne den mest sannsynlege opphavsstaden.

– Når det er på plass, kan vi teikne inn eventuelle gytefelt på kartet for artar langs kysten, seier Espeland.

Kryssa merkar stasjonane der forskarane trekte egghåven.