Gå til hovedinnhold

Første gong med samla kunnskap om alle norske havområde


barentshavetfotocredhithomaswenneck

Frå Barentshavet. (Foto: Havforskingsinstituttet)

For første gong ligg det føre ein samla og oppdatert kunnskap om tilstanden i økosystema og menneskeleg påverknad i alle dei norske havområda.
– Havforskingsinstituttet har spelt ei avgjerande rolle i dette arbeidet, seier forskingsdirektør Geir Huse.

Fagleg forum for norske havområde leverte i dag det oppdaterte kunnskapsgrunnlaget for norske havområde til Klima- og miljødepartementet.

Faggrunnlaget til forvaltningsplanane blir leverte av Fagleg forum, som blir leidd av Miljødirektoratet og er sett saman av 11 etatar som er sentrale innan havforvalting og havforsking.

– Den delen av faggrunnlaget som omhandlar miljøtilstand, økosystemendringar og samla belastning baserer seg på rapportar frå overvakingsgruppa der Havforskingsinstituttet er sekretariat. Vi har også gitt monalege bidrag til dei andre delane av faggrunnlaget, mellom anna frå Mareano, polar tidvassfront og iskantsona. Vi har også vurdert effektar av akutt forureining, mellom anna frå eventuelle utslepp av olje i områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, fortel forskingsdirektør Geir Huse.
Sidan 2006 har Noreg etablert forvaltingsplanar for Barentshavet og Lofoten, Norskehavet og Nordsjøen–Skagerrak. Forvaltingsplanane blir levert som meldingar til Stortinget. Forvaltingsplanane for havområda skal legge til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester og samtidig oppretthalde økosystemas struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald.