Sender segldroner på tokt i Nordsjøen

  • MX0B7165.jpg

    “Kristine Bonnevie” is one of the research vessels whose data will now be supplemented by data from the much smaller saildrone.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/ IMR
  • vlcsnap-2019-04-29-09h43m45s404.png

    After being calibrated at the Port of Bergen, the drones headed out past Nordnes. The high-rise building in the background is the Institute of Marine Research’s head office.

    Fotograf: Lars Doksæter/Screen Story /IMR
  • MX0B7198.jpg

    The drones were helped out into the fjord at a speed of five knots.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/IMR
  • MX0B7227.jpg

    The IMR and staff from Saildrone towed the drones out from Bergen until they were carried by the tide.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/IMR
  • MX0B7243.jpg

    Inventor and CEO Richard Jenkins checks that data is being received by his mobile phone in real time before the drones are released.

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/IMR
  • MX0B7274.jpg

    The saildrones are picked up by other vessels’ radars and they are also programmed to give way. –  But the oceans are vast, so that’s very rarely necessary, says their inventor.

     

    Fotograf: Erlend A. Lorentzen/IMR

Kva er sju ganger fem meter, 750 kilo og knall oransje? Vår nyaste sommarvikar som no fartar rundt på ein førehandsdefinert kurs i Nordsjøen.

Segldronen er leigd ut til Havforskingsinstituttet frå det amerikanske gründerselskapet Saildrone, som også prøver ut ein drone til i Nordsjøen i same slengen. Etter kalibrering inne i Bergen hamn, vart dei to dronane taua ut i Korsfjorden der oppfinnarar og forskarar sleppte dei fri med retning havet.

Same ekkolodd som forskingsfartøy

– Dette er definitivt ein del av framtidas overvaking, seier havforskar Espen Johnsen, som leiar droneprosjektet.

Han fortel at segldronen samlar data samstundes som HI gjennomfører to tradisjonelle tokt i same farvatn. 

– Det vert interessant å samanlikna data frå toktet med dei som dronen har samla inn. Ein av fordelane er at det er akkurat same ekkolodd på dronen som det vi har om bord på forskingsfartøya. Dermed kan vi ta i bruk data utan å måtta utvikla nye analysemetodar, seier han.      

Effektiv og miljøvenleg datafangst

Espen Johnsen trur ikkje det tar mange år før denne forma for datainnsamling er eit heilt naturleg supplement i forskinga på HI. Fordelane er mange: Dronane er miljøvenlege, og kan dekkja både større og til dømes grunnare område enn forskingsfartøya. I teorien kan forskarane ha dronar ute på kontinuerleg datasanking.  

– Segldronen lagar minimalt med støy og kan koma tettare på fisken enn store fartøy. Dessutan er dronen enkel å dirigera om når den gjer interessante observasjonar. I kombinasjon med annan høgteknologi, som til dømes maskinlæring, kan dronane bli enno meir nyttige for oss, seier Espen Johnsen.