Ny, sviande sjøanemone funnen i Hordaland

  • Foto Terje van der Meeren sjøanemoner i tangen.jpg

    Sjøanemonane i tangen på stranda.

    Fotograf: Terje van der Meeren / Havforskningsinstituttet
  • Bilde 2 Foto Reidun Bjelland skade på arm.jpg

    Brannskade på arm etter bading. 

    Fotograf: Reidun Bjelland

Ein ny art av sjøanemonar som kan gje "brannskadar" på tynn hud er observert i badeviker ved Bergen. I motsetnad til kjende anemoneartar som stort sett held seg i ro, kan den nye flytte på seg, og raskt.

– Nærkontakt med denne sjøanemonen kan gje runde blemmer og sår. Tynn hud er særlig utsett og dermed små barneføter, seier forskaren Gro van der Meeren.

Ho legg til at behandlinga om nokon blir svidd, er den same som ved nærkontakt med brennmanetar.

Det er om lag 60 kjende artar av anemoner i norske farvatn. Dei fleste som har vært på tur i fjøra og eller snorkla på grunt vatn har gjerne sett små, mørkeraude sjøanemonane med navn hesteaktinie (Actinia equina) som ofte sit mellom steinar. På litt djupare vatn finn vi dei store, raude fjøresjørosene (Urticina felina). Dei flotte sjønellikane (Metridium senile) med tett krans av fine og lyse tentaklar som gjerne sit på nedgrodde tau og bryggedelar. Mange andre lever på større djupner eller på botnar som ikkje blir nytta så ofte til bading.

No er truleg ein ny art i denne ordenen registrert i norske farvatn.

– Vi såg denne nye sjøanemonen på austsida av Huftarøy på Austevoll på heilt grunt vatn, fyrste gong for seks år sidan. I år dukka den opp igjen. Dette er ein liten, brun sjøanemone med bleike tentakeltuppar og storleik opp mot ein golfball. Individa har mest tentaklar og ein veldig liten kropp, seier forskar Terje van der Meeren.

Etter omtale i Austevoll-avisa Marsteinen, er det fleire badande som melder om vond nærkontakt med anemonen. I tillegg er denne anemonen tidlegare vært registrert to gongar utanfor Møre, og sporadisk gjennom ti år, sist i fjor, nær Flesland.

Den nye anemonearten skal no DNA-analyserast, slik at rett artsnamn kan setjast på kartet med sikkerheit. I mellomtida har forskarekteparet van der Meeren sendt bilder til forskarkollegaer i Storbritannia, der responsen frå  Orknøyene har vore særs nyttig.

Forskarane trur den nye arten sjøanemone er ein brun variant av den grøne Anemonia viridis, som er observert nær Flesland. (Foto: Anders Schouw)

– Dei seier det liknar på “snakelocks anemone” (Anemonia viridis) som dei finn på heilt grunt vatn.  Arten har vore rekna som sjeldan i Noreg og har difor ikkje noko norsk namn. No betyr “viridis” fargen “grøn”, og arten er mest kjend som ein grøn anemone med lilla tentakeltuppar, seier Gro van der Meeren. Det er denne varianten som er mest vanleg vest og sør om dei britiske øyene og som og er samla inn frå Sunnmøre.

Til skilnad frå dei relativt stilleståande artane me kjenner, flyttar dei nye anemonane seg ganske raskt.

– Det klatrar gjerne oppover i tang og tare. Nokon praktisk tala hoppar på kva det skulle vera, òg fiskereiskap. Dei opptrer på same djupne som leppefisken. Det er difor godt mogleg at dei klatrar opp på teiner og tau som blindpassasjerar. Sidan den brune varianten av denne nye sjøanemonen har same farge som tang og tare, kan han vera vanskeleg å sjå. Men har du fyrst lagt merke til han, kjenner du han lett att. Der dei trivst kan dei dekke botnen som eit teppe av tentaklar, seier Terje van der Meeren.

Men den nye anemonen er ikkje berre til bry. I land ved Middelhavet er han ein delikatesse. Han vert fritert, med eller utan frityrmjøl, og vert servert i gourmetrestaurantar, som “Orzidias” på Sardinia eller som “Ortiguillas Fritas” i Galicia i Spania. Han skal vera smakfull, sjølv om det trengst ein del individ for å få ein munnfull.