Nytt økosystemtokt i gang – femten år etter det første

Maria og Erik, toktavgang, nett.jpg

Programleiar Maria Fossheim og forskingssjef Erik Olsen skal begge på økosystemtokt i Barentshavet. (Foto: Gunnar Sætra, Havforskningsinstituttet)

I dag startar det årlege økosystemet i Barentshavet, femten år etter at det første gjekk av stabelen. No skal norske og russiske havforskarar undersøke «alt» i det store havområdet og samle viktige forskingsdata.

Barentshavet går gjennom store endringar. Difor er det viktig for forskarane å samle mest mogleg informasjon i dette fruktbare havområdet. Informasjonen går inn i Havforskinga sin database, og der blir dei sett saman med data frå tidlegare tokt. På den måten får forskarane tidsseriar som fortel om endringane som går føre seg i dei nordlege havområda. Data innsamla på økosystemtokta har mellom anna gjort det mogleg for havforskarane å påvise at fisken i Barentshavet flytter seg nordover på grunn av klimaendringane, og at Arktis er i ferd med å krympe.

Barentshavet «frå topp til tå»

– I alt er det fire fartøy som deltar under toktet, tre norske og eitt russisk, fortel forskingssjef Erik Olsen. Han er toktleiar på «G.O. Sars» som går frå Tromsø i dag – etter tolv års fråvær frå toktet.

– Eg var med på dei første økosystemtokta frå 2004 og utover og hadde mitt førebels siste tokt i 2007. Då var eg også toktleiar. Sidan den gongen har eg hatt andre oppgåver ved HI, men no er eg altså tilbake – og eg gler meg, seier han.

Dei tre norske fartøya skal dekke den norske økonomiske sona, medan det russiske fartøyet skal undersøke Russlands økonomiske sone i Barentshavet.

– Vi bruker å seie at vi undersøker Barentshavet «frå topp til tå». Det betyr at toktet omfattar alt frå planteplankton til dei største kvalane, vi måler temperaturar og salthaldigheit og registrerer søppel som flyt i havet. I tillegg har vi eigne fugleobservatørar om bord som artsbestemmer og tel fuglar. På den måten får vi tatt pulsen på den økologiske tilstanden i Barentshavet, fortel Olsen.

Forskingsfartøya skal følge desse kurslinjene under økosystemtoktet i Barentshavet. Linjene viser kor det blir gjennomført akustiske målingar, medan prikkane viser stasjonar kor det blir tatt ulike prøver. Tre norske og eitt russisk fartøy skal dekke heile Barentshavet frå i dag og fram til 4. oktober.

Grunnlag for kvote- og forvaltningsråd

Ein av toktdeltakarane i år er Maria Fossheim, leiar for Havforskingsinstituttet sitt forskingsprogram for Barentshavet og Polhavet. Ho seier at økosystemtoktet i Barentshavet er det mest omfattande i sitt slag.

– Det dreier seg altså om verdas største – og eg tør å seie beste – økosystemtokt, seier ho.

Toktet varer fram til 4. oktober. Når forskingsfartøya kjem til land har dei samla inn store mengder data.

– Det er ei enorm informasjonsmengde. Den blir viktig når vi havforskarar skal gi råd til forvaltninga om størrelsen på fiskekvotar eller komme med andre råd om korleis ressursane i Barentshavet kan haustast. I tillegg nyttast desse dataa i samband med vitskapeleg publikasjonar, seier Fossheim.

Endringar

Det første norsk-russiske økosystemtoktet i Barentshavet gjekk av stabelen i 2004.
 – I løpet av desse åra har vi sett at mange fiske- og dyreartar har flytta seg nordaustover i Barentshavet. Det har også komme inn artar frå Norskehavet i sør, samstundes som dei arktiske artane i nord er på veg ut av Barentshavet. Vi har også sett ein enorm auke i produksjonen i Barentshavet, seier Fossheim til slutt.