Gå til hovedinnhold

"Miljø-DNA": Dei skal finne arvestoff i vassmassane


HI 041996

Genetikarane Torild Johansen (t.v.), Tanja Hanebrekke og Jon-Ivar Westgaard gler seg over millionstøtte til nyskapande forsking. Arkivfoto: Gunnar Sætra/HI

Ved hjelp av "miljø-DNA" kan forskarane spore kva artar som finst i fjorden. No får forskarane 7,2 millionar kroner frå Noregs forskingsråd til å utvikla metoden. 

– «Miljø-DNA» går rett og slett ut på å finne ut kva slags arvestoff som finst i vassmassane. Alle skapningar etterlet seg restar av arvestoff. Det kan vi spore tilbake til kva slags artar som er til stades i sjøen, forklarar havforsker og genetikar Jon-Ivar Westgaard.

Genetikarane tek rett og slett ei passe stor vassprøve, for eksempel ein liter, som dei filtrerer. Deretter kartlegg dei DNA-et og lagar ein slags strekkode for kvar art (sekvenserer).

– Ut frå dette kan vi sjå kva slags artar som oppheld seg i område kor prøven blei tatt, det vere seg fiskeartar som torsk, sild eller sei – eller kanskje ein kval. Kort sagt; vi kan fortelje om både små og store artar som er til stades i dei aktuelle vassmassene. Vi ynskjer også å teste ut om vi kan berekna biomassen til artane i området, fortel havforskar og genetikar Torild Johansen.

"Miljø-DNA" kan gjere det lettare å oppdaga nykommarar som kongekrabbe enn kva ein kan med tradisjonelle metodar. Foto: Erling Svensen/HI 

Skal utvikla metoden vidare 

Forskingsrådet har gitt prosjektet FISHDIV 7,2 millionar kroner. I tillegg til HI, vil forskarar frå NOAA, University of Washington (UIV), UiT og NORCE vere med på laget. 

Målet er å lage ein mal for korleis ein kan bruka "miljø-DNA" for å kartlegge biodiversitet og kvantifisering av artar i fjordsystema, som eit supplerande verktøy til meir tradisjonelle tokt. 

– Resultata våre vil bidra til å forstå korleis "miljø-DNA" fungerer i fjordar, og vise korleis vi kan bruke dette når vi skal kartlegge artsmangfald, seier Johansen. 

Les også: Restar av arvestoff kan fortelje om havets helse