Første kvinnelege fiskebåteigar i kystreferanseflåten

C:\Users\a23389\Pictures\sisilie1.jpg

Sisilie Skagen Johnsen og resten av kystreferanseflåten møttest til årsmøte i Bergen 12.–.13. desember.

Fotograf: Runar Bjørkvik Mæland / Havforskingsinstituttet

Referanseflåten for kystfartøy bidreg til havforskinga med viktig fiskeriinformasjon, fangstprøvar og data. Sisilie Skagen (26) frå Andenes er den første kvinna som fiskar med eigen båt i denne flåten.

Sist veke møttest referanseflåten for kystfiskefartøy på sitt faste årsmøte i Bergen, og den unge vesterålingen var glad for å kunna bidra til meir mangfald i forsamlinga.

– Det er eit veldig mannsdominert yrke, så det er bra det kjem nokre damer inn. Det gir eit litt anna miljø. Det er også bra for HI sin del at dei satsar på mangfald og gir unge fiskarar ei fin moglegheit til å bidra i referanseflåten, seier ho.

Syg til seg kunnskap

Johnsen overtok garnbåten «Braken» etter faren i juli 2018, og hadde knapt kome i gang med fiskeriet då ho såg annonsen der Havforskingsinstituttet (HI) søkte etter deltakarar i kystreferanseflåten.

– Det var nokså tilfeldig at eg kom over det. Då hadde eg ikkje høyrt så mykje om verken referanseflåten eller HI, men det verka veldig interessant, så eg berre søkte, seier Skagen.

Fiskebåten «Braken» til sjøs.
«Braken» til sjøs. Her prøver Sisilie Skagen å halda det gåande med fiskeri året rundt, med faren som deleigar. Fotograf: Per Lorentzen

Det har ho ikkje angra på. For ein travel ung fiskar og småbarnsmor gir arbeidet for referanseflåten eit ekstra bein å stå på.

Men like viktig, meiner Skagen, er det ho lærer gjennom kontakten med forskarane og dei årlege seminara.

– Vi lærer mykje om tilstanden for dei ulike bestandane og korleis vi kan beskatte på ein fornuftig måte for å sikre ein varig verdi av havet. Eg prøver å suge til meg alt eg kan av kunnskap som eg kan få bruk får når eg skal byggje opp eit stabilt fiskeri, seier ho.

Entusiasme og pågangsmot

Allereie då dei ringde frå HI for å fortelja at ho fekk tildelt kontrakten, fekk Johnsen vita at ho skulle bli smått historisk. Sidan kystreferanseflåten vart etablert i 2005, hadde det ikkje vore med kvinner med eige fartøy før no.

– Vi har hatt og har andre dyktige kvinner som er med som fiskar om bord i andre båtar, men ikkje som ansvarleg eigar, stadfestar HI-forskar Kjell Nedreaas, som har arbeidd med kystreferanseflåten sidan starten.

– Ho er ei fantastisk ung jente med stor entusiasme og pågangsmot for yrket sitt. Heile fiskeri-Noreg kan vere stolte av desse kvinnene, sluttar han.