Gå til hovedinnhold

Transport av leppefisk aukar risikoen for å spreie smitte og sjukdom


HI 045547

To eksemplar av grønngylt - hannen er den grønne til venstre, og rødlig hunn til høyre. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI

Dersom ein held fram med å frakte villfanga leppefisk over store område, vil sjukdom og smitte kunne spreie seg, påpeikar forskarane i den nye risikorapporten frå HI. 

Leppefisk og rognkjeks blir brukt som rensefisk i oppdrettsanlegg, for å kjempe mot lakselus på laksen.  

Rognkjeksen som blir brukt, kjem frå oppdrett. Men mesteparten av leppefisken blir fanga i det fri, før dei hamnar oppi ei merd.  

I den nye risikorapporten frå HI blir det peika på ulike risikofaktorar ved å bruka villfanga leppefisk i norsk oppdrett. 

Store geografiske forskjellar 

Fisket etter og bruk av villfanga leppefisk varierer etter kor ein er langs kysten, som Fiskeridirektoratet har delt inn i tre soner: 

1.    Svenskegrensa til Lista fyr – kvote på 4 millionar fisk 
2.    Lista fyr til Stadt – kvote på 10 millionar fisk 
3.    Nord for Stadt – kvote på 4 millionar fisk 

Forskarane skriv i risikorapporten at det i sone 1 er omfattande fiske, men lite oppdrett.

Dermed er det liten bruk av leppefisk, og den som blir brukt, er hovudsakleg lokalt fangsta. 

I sone 2 er mesteparten av leppefisken som vert brukt som rensefisk, levert direkte frå fiskarane til anlegga. Det er noko leppefisk som vert importert frå Sverige, før fiskeriet opnar i Noreg. 

I sone 3, frå Stadt og nord til Bodø, er det både lokal og importert leppefisk. 

Nord for Bodø blir det lite eller ingen brukt villfanga leppefisk, så risikovurderinga er gjort for dei tre sørlegare sonene. 

Smitte kan spreie seg med transport og transportvatn 

Det er alltid ein fare for at smitte blir spreidd når ein flyttar levande dyr over store avstandar. 

Ein kjenner ikkje sjukdomshistorikken til villfanga leppefisk. Fisken kan dermed vere berarar av ei rekke bakteriar, virus og parasittar – som dei har med seg når dei blir plassert ut i ei merd. 

Nokre slike smittestoff kan smitte over også til andre artar. 

Også vatnet leppefiskane blir transportert i, kan innehalde smitte. Risikoen aukar når transportavstanden aukar, og dess oftare det går transportar av denne typen. 

God praksis: Bruke lokal leppefisk

Fisk som tilsynelatande ser friske ut, kan altså ta med seg smitte til det området dei blir flytta til. 

Ei anna problemstilling med å flytte fisk frå eit område til eit anna, handlar om genetikk. I naturen lever leppefisk i geografisk åtskilde område. 

«Nykomlingar» som rømmer frå oppdrettsanlegga kan dermed utgjere ein risiko for dei lokale stammene om dei blandar seg. Det er ei problemstilling som også er velkjent når det gjeld rømt oppdrettslaks som går opp i elver der det er lokale villaksstammer. 

Difor har forskarane i risikorapporten skrive at bruk av lokalt fiska leppefisk blir rekna som god praksis. Ein kombinasjon av lokal og tilreisande leppefisk blir rekna som mindre gunstig. 

Liten bruk av lokal fisk og mykje flytting av leppefisk frå eit område til eit anna, blir vurdert til å vera dårleg praksis. 

Størst risiko i sone 3 

Det er hyppig innførsel og transport av villfanga leppefisk i sone 3. 

Forskarane antek at ein stor del av denne fisken kjem frå område langt borte, som Sør-Noreg og Sverige. Dette vurderer forskarane som dårleg praksis. 

Fisken blir flytta mellom geografisk spreidde område, og ein kjenner ikkje til kva smitte fisken kan ha med seg. 

Dette vurderer forskarane som ein langt ifrå ønska tilstand. 

Det er per i dag liten eller inga behandling av transportmiddel eller transportvatnet før det blir tømt ut i mottaksområdet. Det blir også vurdert til å vere dårleg praksis. 

Heile vurderinga for alle tre soner kan lesast i risikorapporten.