Unge forskartalent: Får 8 millionar til å forske fram steril holaks

HI-037752.jpg

Prosjektleiar Lene Kleppe har fått forskingsmidlar i kategorien Unge forskartalenter.

Fotograf: Erlend A. Lorentzen / Havforskningsinstituttet

I det nye prosjektet vil forskarane lage måtar å klekke berre hofisk, som dei i tillegg vil vaksinere mot kjønnsmodning. Fordelane er fleire.

– Eg er veldig glad for å få lov til å jobbe med eit så spennande og viktig tema, seier Lene Kleppe.

Ho har nettopp fått tildelt 8 millionar av Norges forskingsrådet til prosjektet STERFEMSAL (eller «A new approach to produce all female salmon avoids the use of hormones and can be combined with vaccination to achieve sterility»).

Pengane kjem frå Havbruksprogrammet til i kategorien Unge forskartalent.

Kjønnsmoden fisk har dårlegare velferd

Målet er å finne ein ny metode for å produsere laks av berre hokjønn, utan hormonbehandling. 

Holaks blir nemleg seinare kjønnsmoden enn hannlaks.

– Kjønnsmoden fisk er meir utsett for sjukdom enn fisk som ikkje er kjønnsmoden. Dei veks seinare og har dårlegare kvalitet på filetane. Det er med andre ord betre velferd og økonomi i sein kjønnsmodning, forklarer Kleppe.

Kan sprøyte løyse miljøproblem?

Samtidig skal forskarane forsøke å lage ei sterilitetsvaksine for den same holaksen. Dette skal hindre at den parar seg med villaks dersom den rømmer.

– For å få det til, må vi finne proteina som gjer at hofisken sine kjønnsceller blir modne og lage ei vaksine mot dei, seier Kleppe.

– Ei slik vaksine vil kunne redusere ein av dei store miljøutfordringane knytt til lakseoppdrett, seier ho.

Prosjektet går over fire år og er eit samarbeid med Universitetet i Utrecht.