40 fartøy deltok i sildelotteriet 2018

HI-038827.jpg

Senioringeniør Jostein Røttingen sorterer sild frå ei prøve som blei tatt i fjor. (Foto: Erlend Astad Lorentzen)

40 fartøy var med i det såkalla sildelotteriet i fjor. Det er litt over ein femtedel av heile sildeflåten, skriv havforskar Håkon Otterå i denne oppsummeringa:

Sildelotteriet er framtidas måte å samla inn fangstprøvar frå dei kommersielle fiskeria. Fangstprøvelotteriet, som det no er omdøypt til, er ein «utvalsundersøking» basert på at alle fangstar vert meldt inn til HI via fangstdagbok (ERS). Ein datamaskin melder tilbake til fartøyet om vi ynskjer ein prøve av fangsten eller ikkje. Ved god deltaking frå fiskarane si side vil ordninga gje mykje betre data enn tidlegare på aldersfordeling i totalfangsten og dermed meir presise kvoteråd.

 

Figur 1.  Sildefiskeriet i 2018; enkeltfangstar er markert med grå punkt. Grøne punkt viser fangstar gjort av «lotterifartøy» og raude fangstar viser fangstprøvar som er bestilt via lotteriet.

Starta i fjor

Ordninga starta opp 1. januar 2018 for fartøy som fiska sild. I 2018 var det berre fartøy med elektronisk fangstdagbok frå iFisk som kunne delta i sildelotteriet. Frå januar 2019 har også Dualog oppdatert programvare (eCatch) og den siste leverandøren, Trackwell, er venta å ha oppdatert programvare i løpet av første kvartal 2019.

Teknisk sett har ordninga fungert nærast problemfritt. Ved Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet har vi gjort endringar i fleire datasystem for å få dette til å fungere, og vi har også integrert lotteriet med vår database for biologiske prøver. Ein funksjon som framleis manglar er automatisk tilbakemelding til fartøy når prøven er opparbeidd og resultatet er klart. Dette er noko fleire i næringa har etterspurt, og vi satsar på å få dette på plass i løpet av første halvår 2019.

Figur 2. Aldersfordeling i fangstane basert på prøvane frå sildelotteriet. I dette tilfellet er talet på prøvar for lite til å seie noko om aldersfordelinga i totalfangsten.

 

40 fartøy deltok i lotteriet

I sildefisket i 2018 deltok 192 fartøy med ERS og 40 av disse var med i sildelotteriet. Totalt vart det bestilt 41 prøvar av sild (NVG og Nordsjøsild) via ERS. Ein erfaring vi har gjort oss, er at det er vanskeleg å vita om ein bestilt prøve verkeleg er teken eller ikkje, og ikkje minst kor den er levert i land. Det er derfor gjort ei endring i «lotteriet» frå 2019, ved at fartøya no kan rapportera via ERS om prøven er teken og kor den er levert i land. Dette trur vi vil letta logistikken betydeleg.

Dei aller fleste mottekne prøvane er no opparbeidd og blir brukt i berekninga av talet på individ fiska av kvar årsklasse. Når ordninga er fullt innarbeidd, vil det berre vere prøvene frå «lotteriet» som blir brukt til dette. Gevinsten vil vere ein betydeleg meir presis berekning av alderssamansetninga i totalfangsten, og dermed meir presise kvoteråd. Det er avgjerande at alle fangstane går inn i fangstprøvelotteriet for å få denne gevinsten.