DNA-analysar nyttig for å verne kysttorsken

  • Torskeprøver-fra-Lofoten-1.jpg

    Havforskar og genetikar Geir Dahle har fått prøver frå torskefangstar som er tatt i den såkalla "Henningsværboksen".

    Fotograf: Anders Jakobsen / Havforskningsinstituttet
  • Torskeprøver-fra-Lofoten-3.jpg

    Vevsprøver av torsk frå Henningsværboksen blir lagt i eit et brett med små brønnar. På kvart brett er det 96 brønnar, og i kvar brønn er det ei prøve frå ein einskild torsk.

    Fotograf: Foto: Anders Jakobsen / Havforskningsinstituttet
  • Torskeprøver-fra-Lofoten-4.jpg

    Prøvene blir overfør frå bretta til ein sekvenseringsmaskin.

    Fotograf: Anders Jakobsen / Havforskningsinstituttet
  • Torskeprøver-fra-Lofoten-6.jpg

    Dahle bruker ein multipipette til å overføre prøvene frå brettet til sekvenseringsmaskinen.

    Fotograf: Anders Jakobsen / Havforskningsinstituttet

Skreien er på veg til Lofoten. Dermed går HI sine genetikarar i gang med ei årleg oppgåve: å analysere DNA-prøver frå Henningsværboksen – for å verne kysttorsken.

Havforskar og genetikar Geir Dahle har fått årets første pakke frå Lofoten levert på døra. Han inneheld prøver frå torsk som er fiska i den såkalla Henningsværboksen (sjå kart).

Skil mellom kysttorsk og skrei

I pakken er det 192 prøvar frå to fartøy som har fiska på kvar sin plass i Henningsværboksen. No skal innhaldet analyserast for å finne tilhøvet mellom skrei og kysttorsk i fangstane. Det er ei ganske grei sak for den som kan handtere verktøya som brukast for å gjennomføre ein DNA-analyse.

– Sidan innsiget av skrei har vore stort dei siste åra, har vi berre fått 2–4 slike pakkar i løpet av vinteren. Vi avsluttar som regel analysearbeidet når det er så mykje skrei i fangstane at Henningsværboksen kan opnast for fiske. Dette arbeidet starta i 2007, og då fekk vi gjerne mellom 25 og 30  pakkar i løpet av sesongen – frå februar til seint i april, fortel Dahle.

Henningsværboksen ligg i området mellom Henningsvær i sørvest og Stormolla i nordaust (skravert område). (Kart: Fiskeridirektoratet)

Fiskeridirektoratet bestemmer

I utgangspunktet et Henningsværboksen stengt for alle fartøy over elleve meter dei første seks månadene i året. Det skal hindre overfiske av kysttorsken i området. Fiskeridirektoratet har likevel bestemt at større båtar kan få fiske i «boksen», men då må det vere meir enn 70 prosent skrei i fangstane, og fartøya kan vere maks 15 meter. Dei får lov til å fiske med jukse, line og garn, men ikkje med snurrevad. Det er Fiskeridirektoratet som avgjer opning og lukking av Henningsværboksen.

Skal sikre kysttorsken

Havforskar og genetikar Torild Johansen er leiar for Havforskinga sitt arbeid i samband med dette kysttorskvernet.

– Vår oppgåve er å sørge for at Fiskeridirektoratet får kunnskapen som trengst for å handheve reglane som gjeld for Henningsværboksen.

Tidlegare gjennomførte vi same type analysar for torsk frå Borgundfjorden på Sunnmøre. Der har det vore så lite skrei dei siste åra at direktoratet har halde området stengt for torskefiske. Vi har derfor ikkje rapportert innsig av skrei til Fiskeridirektoratet sidan 2016, fortel Johansen.

Ho legg til at Havforskinga likevel held fram med å følgje skreiinnsiget i Borgundfjorden med DNA-analysar.

– Det er for å sikre kunnskapen om torsken i området slik at den kan brukast til å forstå korleis innsiget av skrei varierer, avsluttar Johansen.