Gå til hovedinnhold
Nymphon elegans chelae med fingre

Detektiven som finn svar i små klør og rare mønster

Ved hjelp av ørsmå detaljar nedteikna i gamle bøker, klarar Arne Hassel å identifisere havedderkoppar og sjøstjerner på sprit. HI sin eigen detektiv har bygd opp eit unikt arkiv over alt det vakre, rare, mystiske og magiske som lever i havet. 

På bakkeplan i kontorbygget på Nykirkekaien i Bergen, med utsikt rett i akter på forskingsfartøyet «Kristine Bonnevie», ligg to mindre laboratorium.

Dette er havforskar Arne Hassels domene.  

Han skulle berre innom for å undersøke noko, den gongen i 2006. Sidan har han blitt verande. 
 

Forskar Arne Hassel er HI sin eigen detektiv. Ved hjelp av små detaljar på små botndyr, klarar han å finne ut akkurat kva art dei tilhøyrer. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

– Eg er jo eigentleg ein plankton-mann, eg, seier Arne.  

– Men så var det så mykje nytt som kom inn her på laben, og det er så kjekt å dokumentere alle desse artane! Så har det blitt ei stor samling, slik etter kvart. 

Samlinga er ikkje berre stor, men også unik.  

Skattekista til Arne byr på over seks tusen bilete av små, rare og vakre botndyr. Eller benthos, som forskarane kallar dei ulike organismane som lever i og på havbotnen. 

Frå trål i Barentshavet til glas med sprit i Bergen 

Når HI er på tokt, nyttar dei ei rekke verktøy for å få tak i godbitane. Dei små botndyra, som gjerne berre er nokre få millimeter lange, bør helst komme opp så heile som råd er.

Då bruker ein bomtrål, grabb eller ein slede. 

Ofte er det tokt gjennomført av botnkartleggingsprosjektet MAREANO, som Arne jobbar for på fulltid. 

Dyra blir lagt på formalin om bord på forskingsfartøyet, så blir dei grovsortert når skipet kjem til kai i Tromsø. 
 

Bomtrål: Store mengder slam frå botnen må måkast opp i dunkar på dekk, før slammet vert sikta på spesialbygde siktebord. Teknikarane Ragni Olssøn og Andrey Voronkov har byrja på jobben, på tokt med HI. Det er dei små dyra her i frå, som til slutt kan hamne på Arne sitt bord i Bergen. Foto: Børge Holte/HI 

Til slutt hamnar dei på Arnes bord i Bergen. 

–   Når dei kjem hit, er dei samla på glas etter kva hovudgruppe dei tilhøyrer, til dømes sjøstjerne eller havedderkopp, fortel Arne. 

«Bibel» frå 1891 framleis i bruk 

Arne skal identifisere dyret – artsbestemme det. Dyra blir tatt ut, sortert på glas med sprit, og det blir notert ned antall dyr og vekt.

Men korleis klarar ein så å artsbestemma i eit virvar av artar, slekter, familiar og alle slags kategoriar? 

Det er eit arbeid som medfører nøye etterforsking. 

– Jakta byrjar i ein av «biblane» mine. Som denne, skrive av sjølvaste G.O. Sars, tilbake i 1891, viser Arne og blar i side på side med detaljerte teikningar av havedderkoppar.  

– Når vi forskarar diskuterer i dag,  er framleis Sars ein «fasit» for oss.
 

"Bibelen": G.O. Sars var tidleg ute - og han gjorde ein grundig jobb. Den dag i dag brukar Arne "bibelen" frå 1891 som eit verktøy for å identifisere ulike artar. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI

Han tek bilete av det aktuelle botndyret gjennom mikroskopet. 

Så leitar han gjennom dei forskjellige bestemmingsnøklane etter ulike kjenneteikn, for å slå fast nøyaktig kva slags sjøstjerne eller havedderkopp det er snakk om.

Ein bestemmingsnøkkel er ei bok som leiar forskarane fram til rett art, ved at ein kan sjå på alle kjenneteikna som skil artane. 

Kjenneteikna som skil ein art frå ein annan må kartleggast og gjerne fotograferast før det vitskapelege namnet kan fastsetjast. 

Det unike biletarkivet 

Det kan vere mange detaljar å skulle ha kontroll på; gjerne meir enn 10 ulike kjenneteikn samtidig. 

Difor har Arne blitt ein produsent av sin eigen «bibel» - det omfattande biletarkivet.

Han tek bilete og set saman plansjar – så det blir endå enklare å finne arten neste gong. 
 

Bileta Arne tek, er til god hjelp både for han sjølv og andre, når ein skal finne ut kva art ein har med å gjere. Foto: Erlend A. Lorentzen/HI 

Kvifor? 

Time etter time, dag for dag, jaktar Arne på detaljar som klo-lengde, piggar og alle slags anatomiske formar, ofte heilt mikroskopiske. 

Av og til oppdagar han ein art som er funnen på ein uventa stad, kanskje lengre nord enn før. Kanskje er arten meir utbreidd enn ein trudde. 

Små bitar i det store økologiske puslespelet – som er avgjerande informasjon, meiner han. 

– Vi kan ikkje forstå økologien, utan å vite kva vi snakkar om. Vi må vite kva artar vi har i økosystemet, for å forstå korleis det heng saman, smilar Arne Hassel lurt. 
 


 

 

Sidepanel

Kontakt

Botndyr - benthos

•    Benthos eller bentiske organismar er eit omgrep for dei ulike organismane som lever i, på eller nært havbotnen 
•    Døme på slike organismar er svampar, sjøstjerner, korallar, krepsdyr og ei rekke andre formar for liv 
 

Ctenodiscus crispatus_madreporite_R1150-459.jpg

Ctenodiscus crispatus er en relativt liten sjøstjerne på 5 cm som lever på mudderbunn, derfor har den fått det norske navnet muddersjøstjerne. 

De som tråler etter bunnorganismer på bløtbunn vet at arten kan være svært tallrik sammenliknet med andre sjøstjerner. Utbredelsen er nordlig til arktisk, og gjerne på dypt vann. 

Som sjøstjerner ellers er denne arten utstyrt med en såkalt silplate, madreporitt, på ryggsiden. Silplaten er en slags ventil, og her strømmer vann inn og ut for å opprettholde riktig vanntrykk i det intrikate systemet av indre kanaler, helt ut til sugeføttene i armene. Et slags hydraulisk system kan man kalle det, i tjeneste for bevegelse og fødeopptak.

Tekst og foto: forsker Arne Hassel, HI