Gå til hovedinnhold

Sukkertare gjekk i oppløysing av lusemiddel


tare

Sukkertareplanten til høgre blei utsett for ein dødeleg behandlingsdose hydrogenperoksid. Eit døgn etter eksponeringa er planten gjennomsiktig.

Fotograf: Barbro Taraldset Haugland

Nye laboratorieforsøk viser at sukkertare kan ta skade av små konsentrasjonar av lusemiddelet hydrogenperoksid.

– Ein behandlingsdose tilsvarande den som blir tilsett rett i ei fiskemerd, var dødeleg for unge sukkertare-plantar, fortel doktorgradsstipendiat Barbro Taraldset Haugland.

– I sjøen er dosen tynna ut om han når taren, men resultata kan likevel vere viktige å tenke på når det gjeld kva tid, kor og korleis ein avlusar med hydrogenperoksid.

Forskinga til Haugland er no publisert i Aquaculture Environment Interactions. Ho utsette ung sukkertare for ein behandlingsdose hydrogenperoksid på 1700 milligram per liter vatn i éin time. 7-8 timar etter eksponeringa mista taren konsekvent all farge. Over dei neste dagane gjekk han i oppløysing.

– Konsentrasjonen i behandlingsdosar som oppdrettsnæringa brukar, kan variere frå 1300-2300 milligram per liter vatn i merden, avhengig av blant anna sjøtemperatur, seier Haugland.

(LES OGSÅ: Hva vet vi om hydrogenperoksid?)

Ville finne minste dødelege dose

Ettersom konsentrasjonen blir tynna ut meir og meir lengre vekk frå utsleppspunktet, var eit viktig forskingsspørsmål kor lite hydrogenperoksid som skal til for å vere giftig.

– I toksikologien kallar vi dette punktet LC50. Dosen som drep halve populasjonen, fortel stipendiaten.

Det er ikkje beint fram å slå fast kva tid tare lever og ikkje lever. Han kan sjå fin ut på utsida etter eksponering sjølv om han er daud. Barbro Haugland målte derfor oksygenproduksjonen til taren for å sjå om han «pusta» eller ikkje.

Reknar 4,7 prosent av lusedosen som farleg

Som plantar på land, produserer tare oksygen i sollys. Grafane viser oksygenproduksjonen til fem grupper tare i aukande lysnivå. Målinga er gjort rett etter eksponering av fire ulike konsentrasjonar lusemiddel og ei ueksponert gruppe til samanlikning (kontroll):

Taren sin oksygenproduksjon med stigande lysnivå og ulike lusemiddeldosar. Med dosen på 85 milligram døydde over halvparten av den eksponerte taren. Illustrasjon: Barbro Haugland


I labforsøka var 1700 milligram per liter vatn dødeleg. På 17 milligram, overlevde all taren. På 85 milligram, eller fem prosent, døydde over halvparten av taren.

– Punktet for kva tid mengda hydrogenperoksid er farleg for taren, må med andre ord ligge ein plass mellom 1 og 5 prosent av den første, dødelege dosen. Eg har estimert det til 4,7 prosent, seier Haugland.

1700 milligram per liter vatn drap altså all taren, og 4,7 prosent av dette igjen ville truleg drepe halvparten, ifølge resultata.

– Tare har høg reproduksjon og kan komme tilbake relativt raskt. Resultata våre går inn i det store bildet av lusemidlar sitt avtrykk i naturen, seier Haugland.

Hydrogenperoksid finst òg naturleg i sjøvatn, og taren produserer det sjølv når han «pustar». Men då er det snakk om særs låge verdiar samanlikna med dosane i forsøket.

"Feil" vêrforhold kan gi auka risiko

– Kva konsentrasjonar kan vi finne i naturen nær eit oppdrettsanlegg der fisken blir behandla med hydrogenperoksid?

– Det vil kunne variere stort frå lokalitet til lokalitet. Lusemiddelet blir for eksempel fortare tynna ut ved kysten enn inne i ein fjordarm. Hydrogenperoksiden blir samtidig broten ned, men dette tar dagar. Uttynninga er derfor det avgjerande, forklarer Haugland.

Ho meiner ein uheldig kombinasjon av forhold i sjøen, som vind- og straumretning, i visse tilfelle kan tilseie risiko for helsa til sukkertare i nærleiken.

Vil skaffe meir data om realistiske mengder

– Målingar på 3,6 prosent av behandlingsdose er funne opptil 15 meter unna merden. Eksperimentelle simuleringar viser samtidig at lusemiddelet i teorien kan nå lengre under "feil" forhold.
 
Havforskingsinstituttet jobbar no med å utvikle ein eigen modell for spreiing av behandlingsmidlar i miljøet.
 
– Like viktig som å finne konsentrasjonane som er giftige for dyr og planter, er det å finne kva konsentrasjonar dei faktisk står i fare for å bli utsett for, avsluttar Haugland.