Gå til hovedinnhold

Satsar stort på liten, tropisk forsøksfisk

For mange er sebrafisken mest kjend frå akvariet på hylla. Vi gjer plass til 9000 stykk i kjellaren på Nordnes.

– I dag har vi opptil 3000 sebrafisk i dyrestallen vår. No bygger vi ein heilt ny sebrafisklab med større kapasitet og toppmoderne utstyr, fortel overingeniør og sebrafiskrøktar Arna Kazazic.

«Stand in» for menneske

Den vetle fisken er «hot» i forskinga. Grunnen er at han deler mykje arvestoff med oss menneske og formeirar seg lynkjapt. Det lar forskarane undersøke fleire generasjonar utan å bli gamle sjølv.

– Sebrafisken er som bananfluger under vatn. Vi kan produsere hundrevis kvar veke, seier Kazazic.

Sebrafisken er ein modellorganisme. Det vil seie at forskarane brukar han i eksperiment som ein representant for menneske. Dei kan sjå korleis fisken blir påverka i eksperiment og anta at menneske vil bli liknande påverka.

Kva tid går dårleg helse ut over barna?

Ernæringsforskarane på HI undersøker for eksempel kor mykje framandstoff per gram kroppsvekt som skal til før det går ut over helsa. Dette er kunnskap som går inn i myndigheitene sine kosthaldsråd.

– Med sebrafisken kan dei også undersøke kor mykje som skal til før det påverkar kommande generasjonar negativt, forklarar overingeniøren.

Les også: B-vitaminmangel hos fiskeforeldre påvirker avkommet

Organa lyser raudt for fare

Ein hofisk kan legge fleire hundre egg i veka om ho får. To dagar seinare klekker egga. To månadar etter det igjen, er den nye generasjonen sjølv blitt kjønnsmodne. Og slik held det fram.

Ein annan fordel med sebrafisken er at han er rimeleg gjennomsiktig, særleg som larve. Forskarane kan sette inn fargeprotein i DNA-et til fisken.

– Då kan dei for eksempel få levra til å lyse raudt som ein respons på at fisken får i seg farleg mykje framandstoff, seier Kazazic.

Kan spare lakseforskarar for tidkrevjande bommertar

Rolf B. Edvardsen forskar på genredigeringa av laks med den nye CRISPR-metoden. For han er det ein stor fordel å kunne teste metodar på sebrafisken først.

– Laksen gyter ikkje heile året og tar tre månadar å klekke. Gjer vi noko feil, risikerer vi å måtte vente eit heilt år. Og det har hendt. For oss er det ein stor fordel å kunne teste kjapt og enkelt på sebrafisk først, seier han.

Først no kan forskarar Rolf B. Edvardsen og Anne Hege Straume sjå om genredigeringa deira av lakseegg frå i fjor, var vellykka. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)

Ikkje ein drope vatn går ureinsa ut

Det er hovudsakleg forsøk for ernæring og toksikologi, altså kva stoff eller mengder av stoff som er giftige, sebrafiskane blir brukte til i dag. Den nye sebrafisklaben kan opne for nye moglegheiter.

– Ikkje ein drope vatn går ut i avløpet utan å vere reinsa i eit eige toppmoderne desinfeksjonsanlegg, forsikrar Kazazic.

Reinseanlegget i høgblokka på Nordnes som den nye laben blir integrert i, er godkjent for forsøk med eksotiske organismar, kjende og framande virus og andre uhumskheiter som vi ikkje kan risikere å sleppe ut i naturen.

– Dagens sebrafisklab ligg i ei verna sjøbu med begrensa moglegheiter. Den nye laben i høgblokka blir ei stor oppgradering.

I kjellaren i høgblokka på Nordnes, er ein ny sebrafisklab under oppbygging. Den vil ha plass til fleire reolar og oppgradert utstyr. (Foto: Erlend A. Lorentzen / HI)