Gå til hovedinnhold

Riggar statsraaden som forskingsskip


statsraaden

Ekspedisjonen "One Ocean" startar frå Arendal i august 2021 og er tilbake i Bergen i mars 2023.

Fotograf: Statsraad Lehmkuhl

Når «Statsraad Lehmkuhl» legg ut på jordomseiling eitt år frå no, er skipet lasta med forskarar, forskingsutstyr og små og store spørsmål om livet i verdshava.

Nedteljinga til statsraaden legg frå kai i Arendal er byrja. Planlegginga av den vitskaplege delen av One Ocean-ekspedisjonen og utrustinga av skipet har vore i gang i fleire år. Forskingsdirektør Geir Huse leiar komiteen som har ansvaret for dette arbeidet. Forutan HI deltek UiB, Meteorologisk institutt, Høgskulen på Vestlandet, Nansensenteret og NORCE.

Forskar medan skipet seglar

Klimaendringar, biodiversitet, fiskeri, marin forsøpling (inkludert lydforureining) og havforsuring er sentrale tema i det vitskaplege programmet.

– Dette er ein unik moglegheit til å få ny kunnskap om havet og korleis vi menneske påverkar det. Skipet seglar gjennom mange viktige, men ulike havområde, og vi prioriterer prøvetaking som kan gjerast undervegs. «Statsraad Lehmkuhl» er eit stille fartøy, og det er ein stor fordel for forskinga. Samstundes må vi ta omsyn til at det er avgrensa plass, batterikraft og overføringskapasitet, forklarar Geir Huse.

Ekkolodd, kamera og hydrografar

Det vart installert ein del forskingsutstyr då «Statsraad Lehmkuhl» låg i kovid19-dokk i vår. Geir Huse fortel at ekspedisjonen har fått tre millionar kroner i støtte frå Sparebanken Vest ved Agenda Vestland. Fram mot avreise skal det blant anna jobbast vidare med å sikra gode dataløysingar for mest mogeleg overføring i sanntid og sikker lagring for data som må venta om bord.

– Mykje arbeid må gjerast om bord. Her vil studentane få viktige oppgåver, og framover skal det setjast saman tverrfaglege studentlag som følgjer dei ulike etappane, fortel Geir Huse.

Havforskingsinstituttet har ansvar for etappen Havanna–New York som går i desember 2021. Då vil instituttet mellom anna samarbeida med NOAA og Woods Hole Oceanographic Institution.