Kjem fiskarane i møte – justerer forskingsprosjekt i nord

KV Farm assisterer HI med utlegg av lyttebøyer i Frakkfjorden.Foto Kystvakten.JPG

KV Farm assisterer HI med utlegg av lyttebøyer i Frakkfjorden.

Fotograf: Kystvakten

Etter innspel frå lokale fiskarar, har HI bestemt seg for å ta opp lyttebøyene i Olderfjorden og Frakkfjorden når silda sig inn. – Målet vårt er å sikre forskingsprosjektet vårt, samtidig som vi får til ein fredeleg sameksistens med alle som elles brukar fjordområda, seier prosjektleiar Pål Arne Bjørn.

Før jul vart det klart at då silda seig inn i fjordane, blei det utfordrande å kombinere fiskeri og forskingsprosjekt.

Difor inviterte forskarane fiskarane til møte, for å diskutere korleis prosjektet kunne avviklast på ein meir smidig måte. 
 
No har me gjort endringar slik at me tek omsyn til dei fleste innspela frå fiskarane, fortel HI-forskar Pål Arne Bjørn. 

Det viktigaste er at når silda kjem inn, så tek me opp lyttebøyene, med unntak av eit gjerde heilt ytst i fjorden. Det er ei vinn-vinn-løysing for alle. Då opnar vi opp fjorden for fiskarane, og vi reduserer tap av lyttebøyene. 

Sildefisket startar i november og er ferdig i januar.

â Når sildefisket er over, vil vi i samarbeid med Kystvakta sette ut bøyene igjen. 

Eit anna tiltak er nye bøyer i dei mest trafikkerte områda. 

I dei områda der det er mest aktivitet, både av yrkesfiskarar og fritidsbrukarar, så har me sett ut større bøyer med raude flagg. Desse er synlege for alle. I Olderfjorden har vi no berre desse store bøyene, medan det er ein kombinasjon av ulike bøyer i Frakkfjorden, fortel Bjørn. 

I tillegg er det nokre bøyer på havbotnen. 

Lyttebøyene er avgjerande for HI sitt store forskingsprosjekt som skal kartlegge om lakseoppdrett påverkar torskestammer, og korleis slik påverknad eventuelt skjer. 

Gjennom lyttebøyene og akustiske merker på fisk får vi informasjon om korleis torsken oppfører seg og korleis den bruker områda, forklarar Pål Arne Bjørn. 

Sidan bøyene er så avgjerande for prosjektet, oppmodar han folk til å la dei stå i ro - og ber om at det blir meldt inn til HI dersom nokon skulle vera uheldige og skade ei slik bøye på noko måte. 

Med tiltaka som no er gjort, vonar Bjørn at alle brukarane av fjordområda kan leve fredeleg saman frametter. 

Vi håpar at vi no har lagt forholda til rette for ein god sameksistens. 

I månadsskiftet mars/april vil forskarane komme tilbake til fjordane for å merke meir fisk med akustiske sendarar.

Kart over kvar bøyene er plassert i Olderfjorden.

 

Kart over kvar bøyene er plassert i Frakkfjorden.