Gå til hovedinnhold

Han skal leie digitaliseringsarbeidet ved HI


bjorn arvid satren

Bjørn Arvid Sætren går frå Fiskeridirektoratet til Havforskingsinstituttet, og fortel at han gjerne vil jobbe med å styrke samordninga mellom forsking og forvalting.

Fotograf: Privat

Bjørn Arvid Sætren er tilsett som ny digital direktør i Havforskingsinstituttet. Han kjem frå jobben som IT-direktør i Fiskeridirektoratet.

52-åringen frå Måløy blir leiar for den nye digital-avdelinga ved instituttet, som skal samle dagens IT-seksjon, Norsk marint datasenter (NMDC) og ein ny utviklingsseksjon. Han trer til i stillinga 1. oktober.

– Ambisjonen min er at vi skal sørge for at HI får framtidsretta og brukarvenlege IT-løysingar, både for dei tilsette, for forvaltinga og for alle andre eksterne brukarar. Vi skal ha gode løysingar som folk vel å bruke, seier Sætren.

Les meir om HI Digital: Satsar digitalt med ny data-avdeling

Bakgrunn frå industri og forvalting

Dei siste seks og eit halvt åra har Sætren hatt stillinga som IT-direktør i Fiskeridirektoratet. Frå før har han bakgrunn frå både næringsmiddel- og fiskeindustri, og er siviløkonom i botn. 

– Eg har jobba i mange år i fagfeltet mellom IT og fiskeri/havbruk, og har hatt lyst til å jobba innanfor det området. Så tenkte eg at dette var ei spennande utfordring og ei viktig satsing frå Havforskingsinstituttet som eg har lyst til å vera med på, seier Sætren om motivasjonen for å søka den nye stillinga i HI.

Trur ny teknologi kan effektivisere forskinga

Eit viktig område for den nye digitalsatsinga er maskinlæringsteknologi og kunstig intelligens for automatisk datasamling og -behandling. 

Sætren trur det ligg eit stort potensial her for effektivisere jobben til forskarane, slik at dei kan bruke meir tid på å tolke og analysere data i staden for å klargjere dei for analyse.

– Men eg har ikkje erfaring frå forskinga sjølv, og er veldig audmjuk overfor kunnskapen alle på HI sit på. Eg ser veldig fram til å bli kjent med nye kollegaer, og få innspel til ein felles digitaliseringsplan for HI slik at vi alle kan dra i same retning, seier den påtroppande digitaldirektøren.

Les også: Skal lære kunstig intelligens kva ein grøngylt er