Gå til hovedinnhold

Undersøkjer miljøeffektar på lite kjend naturtype

Det finst over heile verda og i store mengder langs norskekysten, men du har truleg ikkje høyrt om det. No er forskarar i gang med å finne ut korleis oppdrettsanlegg påverkar ruglbotn i nord.

– Ruglbotn finst over heile verda, og er verna i mange land. Men ikkje i Noreg. Her finst det lite kunnskap om det, seier Erwann Legrand, som leier forskingsarbeidet. 

Legrand tok doktorgrad på ruglbotn i Frankrike før han kom til Noreg og HI. For andre år på rad var han og kollegaer nyleg på tokt i Lofoten for å ta prøvar av ruglbotn, som dei fann i store tettleikar. 

– Truleg har dokker denne naturtypen mange stader langs kysten frå Trøndelag og nordover, kanskje med nokon av dei største førekomstane i Europa, seier franskmannen.

Byggjer hus for andre artar

Ruglbotn vert danna av forkalka raudalgar, rugl, som legg seg lag på lag i store teppe på grunn sjøbotn. Levande rugl er rosa på fargen og legg seg oppå daude, kvite algar. Der kan dei rulla att og fram med straumen, og er leveområde for blant anna skjell, børstemark, krepsdyr og kråkebollar. 

– Rugl er det vi kallar ein «ingeniør-art»: den lagar strukturar som utgjer eit miljø for andre artar, forklarer Legrand. 

Det er dette habitatet forskarane no vil lære meir om: kor mangfaldig det er, og kor sårbart det er.

Her dykkar Erwann etter ruglbotn i Frankrike:

Veit lite om effektar av oppdrett

I Lofoten har forskarane tatt prøvar av ruglbotn frå område både med og utan oppdrett. Målet er å finna ut korleis og i kva grad kalkalgane og dyresamfunnet rundt blir påverka av utslepp frå anlegga. Dette veit ein lite om i dag.

– Laboratoriestudiar har vist at utslepp kan ha negative effektar på veksten og overlevinga til kalkalgane. Likevel er det viktig å undersøkja korleis dette verkar under naturlege høve, seier forskar Vivian Husa.

Ho meiner undersøkinga spesielt er viktig fordi lakseoppdrett no er i vekst i nordområda. Her er det vanlegare med ruglbotn, som trivst i grunne sjøområde ned til 30 meter. 

Utslepp kan hindra lys og vekst

Erwann Legrand forklarer at kalkalgane er avhengige av lys for å veksa. Partiklar som blir slept ut frå oppdrettsanlegga kan hindra lystilgangen og dermed redusera eller kvela veksten. I tillegg kan dei vera skadelege for nokon av artane som lever på og ved ruglen.

På den andre sida kan også det vera dyr som blir trekte til området av næringsstoffa i utsleppa.

Dette er blant effektane forskarane no håpar å vita meir om når dei har analysert prøvane dei har samla i Lofoten. 

Bitte små kråkebollar og muslingar er noko av det forskarane finn mykje av mellom ruglen.

Flyttar prøvar mellom område

I tillegg til kartlegging av artsmangfald og fysiologiske prøvar av kalkalgane gjer forskarane såkalla transplantasjonsstudiar. Det inneber at dei «transplanterer» kjerneprøvar av ruglbotn frå område utan oppdrett til område med oppdrett, og motsett. 

Prøvane er samla i spesiallaga korger med heile dyresamfunnet intakt. Neste år skal forskarane tilbake for å sjå korleis det står til. 

– På denne måten kan en få meir korrekt informasjon om korleis både kalkalgane og dyresamfunnet som lever mellom dei blir påverka, forklarer Vivian Husa. 

Ny og viktig forsking

Erwann Legrand håpar å kunna presentera resultata på ein internasjonal konferanse for ruglforskarar i Newfoundland neste år. 

– Forskinga på sårbarheita til ruglbotn har så langt fokusert mest på effektar av klimaendringar og havforsuring. Det har vore veldig lite forsking på effektar av oppdrett, så det er ein del som er interesserte i resultata, seier forskaren. 

På laboratoriet undersøkjer postdoktor Erwann Legrand kva for artar som finst i prøvane av ruglbotn.