Gå til hovedinnhold

Fann variert natur utanfor Stavanger


Reirskjell fjellvegg 246m dyp

Desse reiskjella vart filma i ein fjellvegg på 246 meters djup.

Fotograf: Havforskingsinstituttet

Både korallskog, sjøfjør og fleire andre sårbare dyresamfunn dukka opp då forskarar starta prøvetakinga for å kartleggje havbotnen utanfor Stavanger.

Etter å ha kartlagt i omtrent ei veke, er dommen frå seniorforskar og biolog Pål Mortensen klar:

- Naturen på havbotnen i områda vi har undersøkt er variert og rik, spesielt i dei opne djupare delane av Boknafjorden, seier han.

- På dei djupe mudderslettene blei vi særleg imponert over dei fine sjøfjørsamfunna, der sjøfjørene sto tett i tett og strakte dei lange stilkane mot straumen i jakt på mat.

Variert landskap

Landskapet på havbotnen er like varierande som det vi kan sjå på land i dette området, og er alt frå blautbotn til bratte fjellveggar som er definert som hardbotn. Sjølve landskapet har Kartverket alt laga detaljerte kart av, og botnen skal dei næraste dagane undersøkjast endå grundigare av forskarar frå NGU.

Forskarane frå Havforskingsinstituttet har dokumentert at området har fleire sårbare botnsamfunn.

- Vi har sett mange område med sjøfjærbotn, sylindersjørosebotn, korallskog og svamphage, alle desse er på ICES og FAO sine lister over sårbare botnsamfunn, seier Mortensen.

Dette er ein type korall som vert kalla sjøtre. Det vart filma i fjellveggen på 169 meters djup.
Foto: Havforskingsinstituttet

Også i dei grunne områda mellom øyer og holmar i nye Stavanger kommune finn forskarane stor variasjon:

- I dei grunne områda har vi funne mykje fin kvit skjelsandbotn med kamskjel og frodig tareskog, seie Vivian Husa som er ansvarleg for den biologiske kartlegginga ved Stavanger.

I tillegg til innsamling av videomateriale, har forskarane tatt prøvar av botnen som skal analyserast for miljøgifter.

- I samarbeid med forskarane frå NGU har vi tatt prøver frå 10 stasjonar. Desse skal analyserast for innhald av organiske og uorganiske miljøgifter, seier Husa.

Nokre få stadar fann forskarane spor frå menneskeleg aktivitet. Dette biletet er tatt på 239 meters djup.
Foto: Havforskingsinstituttet

Tidkrevjande arbeid

Det høyrest enkelt ut å skulle filme havbotnen, men skal du ned i djupet så tar det tid.

- Å køyre den fjernstyrte undervassfarkosten (ROV) ned til 500 meter tar omtrent 45 minutt, når vi tar det opp igjen går det litt raskare; då brukar vi 30 minutt, seie forskar Tina Kutti.

Når kameraet er vel nede på botnen, er mengda film dei skal ha med tilbake til overflata nøye planlagt:

- Vi filmar i transekt, eller i ei linje, i 15 minutt. Det har vist seg å vere ideell lengde med tanke på vidare arbeid med produsere naturtypekart ved hjelp av modellar, forklarar ho.

ROV
Den fjernstyrte undervassfarkosten vert sjøsett frå MS Hydrograf. Etter ca. 45 minutt er den nede på 500 meters djup og kan starte kartlegginga.
Foto: Pål Mortensen / Havforskingsinstituttet

Kartlegg utvalde område langs kysten

Kartlegginga utanfor Stavanger er del av arbeidet som blir gjort i prosjektet Marine grunnkart i kystsonen som er eit samarbeid mellom Kartverket, Havforskingsinstittutet og Noregs geologiske undersøking (NGU).

Området ved Stavanger er det første som vert kartlagt, og startskotet gjekk for alvor tidlegare denne veka då både HI og NGU starta kartlegginga. Frå før hadde Kartverket laga detaljerte djupnekart som blei brukt til å velje ut kva lokalitetar som skal kartleggjast.