Maritimt forum: Foreslår nytt forskingsskip i tiltakspakke

G:\2020\forskningsfartøy\LMG_Kystforskningsfartoy.jpg

Norskekysten er lang og ”kronglete” med fjordar, holmar og skjer. Det er derfor svært ressurskrevande å overvake utvikling og endringar langs kysten. Eit nytt kystforskingsskip vil effektivisera og auka kvaliteten på kystsonerådgivinga. (Illustrasjon LMG Marin)

Presset på kystsonen aukar, og dagens kystforskingsfartøy held ikkje tritt med behovet for overvaking og datainnsamling. Den maritime næringa foreslår å byggja eit lenge planlagt kystforskingsfartøy som eit av tiltaka for å demma opp for korona-krisa. 

Havforskingsinstituttets har ei rekkje tidsseriar for overvaking av miljø, naturtypar og kystressursar, og har høg toktaktivitet langs norskekysten. I snart fire år har instituttet planlagt eit nytt forskingsskip til bruk i kystsona.

Ei offensiv havforvalting

Dagens kystfartøy byrjar å dra på åra, og det medfører høge drifts- og vedlikehaldskostnader. Dei gamle skipa manglar også ein del observasjonsteknologi og anna utstyr som trengs til effektiv og trygg havforsking.

– Ei offensiv havforvalting fordrar moderne, kystgåande skip. Presset er stort i kystsona, og vi har tilsvarande stort behov for tokttid. På kysten ligg oppdrettsanlegga, der skjer fiskeri, turisme og ei heil rekkje andre aktivitetar, seier havforskingsdirektør Sissel Rogne.

Les meir om heilskapleg havforvalting: Vi må se kysten under ett - ikke stykkevis og delt

Gryteklart skipsprosjekt

Det var derfor ei god nyhende då kystforskingsfartøyet er prioritert i tiltakspakken som Maritimt Forum la fram for styresmaktene då korona-krisa var eit faktum.

Dette er dei viktigaste tiltaka for maritim industri

Maritimt forum samlar over 700 verksemder frå ulike maritime og marine sektorar langs heile kysten. Lista frå interesseorganisasjonen inneheld fleire verftsoppdrag – blant anna ein del statlege skip –  som raskt kan setjast ut i live.

– Kystforskingsskipet vårt er eit gryteklart prosjekt. Å byggja det no blir ein vinn-vinn-situasjon for næringslivet og for havforvaltinga, seier Sissel Rogne.