Gå til hovedinnhold

HI om gullgruvedeponi i Tosenfjorden: Klar fråråding


tosenfjorden

Tosenfjorden går gjennom Brønnøy og Bindal kommunar i Nordland. 

Fotograf: Norgeibilder.no

– Kunnskapen som ligg til grunn i konsekvensutgreiinga har store manglar og er utdatert, seier havforskar Terje van der Meeren.

Bindal kommune har føreslått å regulere 460 000 kvadratmeter på 300 meters djup i Tosenfjorden som sjødeponi for ei planlagd gullgruve. Avgangsmassane vil utgjere om lag 200 000 tonn i året, i 10-15 år. HI har gitt høyringsuttale.

–  For å utvinne gullet, er planen å male berget til fint støv og sentrifugere ut dei tyngre gullkorna frå malmen. Ein betydeleg del av avgangsmassane vil dermed bestå av partiklar i nano-storleik, forklarar Terje van der Meeren.

– Våre innvendingar går på at konsekvensutgreiinga har store manglar om spreiing av partiklane i sjøen, mogleg frigjering av tungmetall og kartlegging av biologisk mangfald i fjorden.

Samandrag av punkt i HI sin høyringsuttale:

  • I konsekvensutgreiinga er spreiing av partiklar ikkje vurdert godt nok. 
    • Det er ikkje tatt nok omsyn til lokale straumforhold, og det er usannsynleg at store delar av partiklane vil lande i deponiområdet.
    • Etter HI sine simuleringar vil dei mest finmala nanopartiklane vere transportert 10 kilometer unna utsleppspunktet etter fem dagar.
  • Om lag 4,4 kvadratmeter, eller 0,00001 prosent av fjordarealet, er undersøkt for biologisk mangfald med grabb. Konsekvensutgreiinga seier ikkje noko om fisk og mobile dyr på fjordbotnen, eller svamp og korallar.
  • Konsekvensutgreiinga har ikkje vurdert korleis laksefisk kan bli påverka av gruvepartiklane. Det er fleire bestandar av laks, sjøaure og sjørøye i fjorden. Ingen av dei har god tilstand i utgangspunktet.
  • Konsekvensutgreiinga seier ikkje at nesten heile Tosenfjorden er registrert som gyteområde for kysttorsk. 
  • Konsekvensutgreiinga seier at det ikkje er avdekka raudlisteartar i fjorden. Men i Naturdatabasen til Miljødirektoratet er det registrert observasjonar av brisling og uer.
  • I følge konsekvensutgreiinga er det ikkje etablert oppdrettsverksemd i fjorden. Det stemmer ikkje - det er klarert lokalitetar for tre matfiskanlegg og eit settefiskanlegg som brukar sjøvatn.
  • I konsekvensutgreiinga er det oppgitt at avgangsmassane inneheld tungmetall, men ikkje kor mykje og kva type. Det er påvist arsen i gruveavgangen, som då kan spreie seg over lang avstand med partiklane.
  • Konsekvensutgreiinga vurderer ikkje nanopartiklar og mikroplast ut frå nyare EU-reguleringar og anbefalingar. Gullførekomsten må sprengast fram, og sprengleidningar av plast kan tenkast å hamne i sjøen som mikroplast.

HI stiller spørsmål ved om kunnskapsgrunnlaget er oppfylt ut frå Naturmangfaldlova, og rår frå eit sjødeponi i Tosenfjorden.

Les heile høyringssuttalen: Høringsuttalelse Bogadalen og Tosenfjorden 24-02-2020