Ny kommunikasjonsdirektør ved HI

marie-hauge.jpg
Fotograf: Erlend Astad Lorentzen / Havforskningsinstituttet

Marie Hauge (52) frå Os i Vestland får jobben fast etter å ha fungert i stillinga i to omgangar.

– Ein av dei viktigaste kommunikasjonsjobbane på Vestlandet er no opptatt, seier direktør ved Havforskingsinstituttet (HI), Sissel Rogne.

– Det er hyggeleg at ho er frå eigne rekker, men ho har nådd fram i hard konkurranse etter å ha «varma opp» ei stund som fungerande kommunikasjonsdirektør. No begynner det langsiktige og målretta arbeidet, fortset Rogne.

Kjenner instituttet og landskapet

Hauge har jobba ved HI i 11 år, og stod klar til opprykk då tidlegare kommunikasjonsdirektør Torny Aarbakke gjekk til Skatteetaten tidlegare i haust. Også hausten 2018 fungerte ho ein periode som kommunikasjonsdirektør. Då stillinga blei lyst ut fekk ho konkurranse frå 29 andre søkarar.

I tillegg til lang erfaring frå HI har Hauge bakgrunn blant anna frå journalistikk og lokalpolitikk i tidlegare Os, no Bjørnafjorden kommune.

– Eg har sett umåteleg pris på å arbeide saman med henne, og ser fram til å gjere endå meir av det. Vi er inne i mange viktige prosessar, men også krevjande prosessar, og derfor er vi glade for å ha med ei kvinne som kjenner både instituttet og landskapet rundt, seier Sissel Rogne.

Rustar for nye satsingar og nytt bygg

Marie Hauge seier ho er glad og stolt over å få tillit i ein organisasjon som har så tydelege mål og klare ambisjonar om å gjera ein forskjell.

– På Havforskingsinstituttet står samfunnsaktuelle spørsmål på agendaen kvar dag – både for havnasjonen Noreg og i eit internasjonalt perspektiv. Vi har over 1000 engasjerte og dyktige tilsette frå Tromsø i nord til Flødevigen i sør. Eg har vanskeleg for å sjå for meg ei meir spennande og givande kommunikasjonsdirektørstilling, seier ho.

Blant viktige saker som står for døra er planlegginga av eit nytt hovudkvarter for HI på Dokken i Bergen, strategiske forskingssatsingar og FN sitt Havforskingstiår, som blir sparka i gang ved nyttår.  

– Havforsking er dei lange tidslinene; analysere historia, sjå endringane som skjer for å kunne forvalte havet for framtida. Det gjev ein ekstra dimensjon til arbeidskvardagen. Eg gler meg til å jobba vidare med det vi står midt i og til å gyva laus på oppgåvene som ventar, seier Marie Hauge.