Gå til hovedinnhold

HI-forskar i ekspertutval for Fedje-ubåten


frantzen ubat
Fotograf: Torhild Dahl / Havforskningsinstituttet (venstre), Kystverket

Regjeringa har sett ned eit utval som skal vurdere om det finst ny informasjon om kva som er den beste løysinga for vraket av U-864. Eitt av medlemene er havforskar Sylvia Frantzen.

– Mi rolle blir å bidra med kunnskap om korleis kvikksølvet påverkar sjømat frå området, sidan vi har overvaka dette over mange år, seier Sylvia Frantzen.

Heilt sidan vraket blei funne i 2003 har det vore diskutert om det er best å heve det, la det ligge eller dekke det til. Det nye utvalet skal blant anna sjå på om det er ny teknologi som kan brukast. Målet er minst mogleg miljørisiko på lang sikt.

HI har sjekka kvikksølvnivået i sjømat frå Fedje-traktene sidan 2004 på oppdrag for Kystverket. Les meir om det her. 

– Vi skal fortsette med å overvake sjømat frå området uansett kva ein landar på, om det blir heving, tildekking eller ei anna løysing, forsikrar Frantzen.

Utvalet har ni medlemer med ulik kompetanse frå industri og forsking. Dei er uavhengige og representerer berre seg sjølv. Utgreiinga skal leverast til regjeringa innan 1. november neste år.

Les meir om utvalet på regjeringa sine nettsider