Gå til hovedinnhold

Søkelys på økosystemet i Skagerrak


Man i våtdrakt står i fjæra mens en annen mann dykker.

Even Moland (stående) i felt ved Torungen fyr i Raet nasjonalpark, en del av Skagerrak.

Fotograf: Arnbjørg Aagesen / HI

Havforskingsinstituttet leier eit nytt nordisk samarbeidsprosjekt som skal peike på løysingar for å betre miljøtilstanden i Skagerrak inn i ei varmare og meir variabel framtid.

– 8 millionar menneske lever i nedbørsfeltet til Skagerrak. Det er eit område som er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet, som fiskeri, arealinngrep og avrenning frå land, seier havforskar Even Moland.

– Klimaendringane kjem på toppen av dette, og forsterkar behovet for tiltak som beskyttar økosystemet, legg han til.

Moland leier forskingsprosjektet med den lange tittelen «Samarbeid om forbedring av miljøsituasjonen i nordiske hav- og kystområder, med fokus på Skagerrak». Eller litt kortare: SamSkag.

Og ja – forskarane meiner det er mogleg å gjera noko for å betra miljøsituasjonen.

– Det finst moglegheiter for effektiv bevaring og restaurering av marine økosystem – som også vil fungera som klimatiltak, seier prosjektleiar Moland.

Visjonært samarbeid

Forskarar og nasjonalparkforvaltarar frå Noreg, Sverige og Danmark skal samarbeide i prosjektet.

Gjennom fysiske og virtuelle møte skal dei samle kunnskap og formulere råd til styresmaktene, som vil bli presentert i vitskaplege artiklar og i rapportar for beslutningstakarar og offentlegheita.

– Målet er å utarbeide ein konsensus om tilstand, truslar og moglegheiter i Skagerrak, seier Even Moland.

– Prosjektet skal vise korleis vi saman kan sikre økosystemfunksjonar og klimatilpassing av marine økosystem, og samtidig legge grunnlaget for heilskapleg berekraftig utnytting av ressursane.

Stor verdi av samarbeid

SamSkag er eitt av to såkalla visjonsprosjekt for hav og kyst som er initiert av Nordisk Ministerråd og leia av Havforskningsinstituttet (sjå faktaboksar).

Det andre visjonsprosjektet har tittelen NorScen og handlar om framtidig klimautvikling for dei nordiske havområda. Les meir om det her: Ser inn i Nordens klima-framtid 

Breitt forskingssamarbeid blir ein sentral pilar i den nye strategien til HI, melder havforskingsdirektør Nils Gunnar Kvamstø.

– I urolege tider som no er det viktigare enn nokon gong at vi samarbeider på tvers av fag, sektorar og landegrenser. Utan det klarar vi ikkje å løyse dei samansette utfordringane vi står overfor. Eg håper og trur at desse nordiske prosjekta vil bidra til gode, heilskaplege løysingar, seier han.

Satelittbilde av Skagerrak og sørlige Skandinavia.
Satelittbilde fra Yr.no/MET

Bevaring, sameksistens og heilskapleg berekraftig hausting

Ein del av jobben blir å summere opp kunnskap og erfaringar frå eksisterande forsking og pågåande pilotprosjekt, både i Skagerrak og andre område.

– Dei siste tiåra har det vore omfattande global forsking på marine verneområder, både som tiltak for bevaring av økosystem, og som ledd i fiskeriforvalting for å sikra berekraftige fiskeri, seier Even Moland.

– Også i Skandinaviske land har det i seinare tid blitt gjennomført meir strukturert forskning på temaet, blant anna om effektar av fredningsområde for hummar i Noreg og Sverige.

Les også: Hva har vi lært gjennom to tiår med marint vern?

Havforskaren peikar også på pågåande pilotprosjekt for gjenoppbygging av natur, som restaurering av steinrev i Danmark og planting av tareskog med hjelp av «grøn grus» på norskekysten.

Målet er blant anna å sjå på korleis ulike tiltak og initiativ i regionen kan koordinerast for å få best mogleg effekt. Prosjektet skal også kartlegga fiskeriressursar i Skagerrak som blir over- og undernytta i dag, og korleis dette kan endra seg med framtidige klimaendringar.

Les også: Høge utslepp gir større klimarisiko for fiskebestandar

Inspirasjon frå aust

SamSkag har fokus på Skagerrak. For å få eit godt kunnskapsgrunnlag, skal forskarane henta lærdomar frå eit anna pressa havområde i Norden, nemleg Austersjøen. Der har både miljøpåverknaden og samarbeidet kome lenger enn i Skagerrak.

– Austersjøen er som ein tidsmaskin, som viser korleis andre havområde kan utvikle seg i framtida. Det er eit område som har opplevd stor oppvarming, tap av oksygen og mykje forureining og menneskelege inngrep, seier Even Moland.

– Men det er også eit område der ein har lukkast med utstrekt miljøsamarbeid, blant anna gjennom Helsingforskommisjonen, som kan inspirere andre regionar.