Gå til hovedinnhold

Modellstudie: Fisket etter raudåte er berekraftig


raudåte

Raudåta, eller Calanus finmarchicus om du vil, utgjer hovudmengden av dyreplankton i Norskehavet.

Fotograf: Terje van der Meeren/HI

Då forskarane simulerte økosystemet i Norskehavet, avdekka dei ingen negative konsekvensar av raudåtefiskeriet. 

Raudåta, eller Calanus finmarchicus om du vil, spelar ei avgjerande rolle i økosystemet i Norskehavet. 

Den er viktig som mat for fisk; faktisk er dei yngre stadia av raudåte den viktigaste maten for fiskelarvar langs kysten, og avgjerande for at yngelen til våre viktigaste fiskebestandar skal overleva. 

Det finst også eit fiskeri på raudåte i dag, og forskarane ville undersøka om dette påverka raudåta og alle dei som har ho på menyen.  Og kva skjer om fiskeriet aukar? 

Simulerte både «perfekte» fiskebåtar og eit heilt økosystem 

For å sjå om og korleis økosystemet i Norskehavet blir påverka av fisket etter raudåta, brukte forskarane ein avansert modell av økosystemet. 

– Vi hadde med raudåte, sild og ikkje minst fiskebåtar som «gjekk» rundt i modellen vår og fiska, fortel HI-forskar Cecilie Hansen. 

Fiskebåtane i modellen blei tildelt to ulike typar «oppførsel»; den eine typen var fartøy som fiska like effektivt som fartøya gjer i røynda i dag. Den andre typen fartøy vart utrusta med fullstendig innsikt i korleis raudåta fordeler seg i havområdet – dei var «perfekt opplyste» og blei gitt optimale forhold for fisket heile vegen.  

– Det gjorde vi for å ta høgde for eit meir effektivt fiskeri i framtida. I dag er fiskeriet ikkje i nærleiken å fiska opp heile kvota, forklarar Hansen. 

Ingen klare effektar av auka fiskeri  

Dei ti «perfekt opplyste» fartøya klarte å fiske 54.000 tonn  til saman i året. Det er tre gongar meir enn om forskarane nytta fartøy som er like effektive som dei fartøya som er involvert i fiskeria i dag, og om ein legg til grunn at alle dei ti tildelte lisensane vert brukt.  

Forskarane sette inn endå fleire «perfekte» fiskebåtar i modellen, heile 60 stykk. Då auka fangsten til 349 000 tonn i året. 

Likevel fann ikkje forskarane nemneverdige konsekvensar for økosystemet, endå fangsten vart 30% høgare enn dagens anbefalte kvote.

– I vårt simulerte økosystem, fann vi ingen effektar av eit auka fiskeri på raudåte i dei djupe områda, seier HI-forskaren.  

– Verken volumet på raudåta, eller volumet på NVG-silda endra seg. Det er ein indikasjon på at ein auke i fiskeriet kan vera berekraftig. 

Eit veldig vrient fiskeri 

Men forskarane fekk ikkje berre demonstrert berekrafta. 

– Det viser også kor krevjande dette fiskeriet er i praksis. Vi utrusta dei «perfekte» båtane med optimale tilhøve: dei kunne «gå ut på havet» kvar dag, dei fekk optimalt vêr kvar einaste gong, og dei visste akkurat kor dei skulle fiska etter raudåta, smilar HI-forskaren. 

– Likevel trengte vi altså heile seksti fartøy for å få fiska opp såpass. 

For nært land gav konsekvensar 

I dag er raudåtefisket regulert slik at brorparten av kvota må fiskast på djupare vatn enn 1000 meter. Mellom grunnlinja og 1000 meter djup kan ein berre fangsta 3000 tonn.

Dette grunna auka sjanse for innslag av yngel, egg og larvar frå andre arter i trålen, som til dømes sild.

– Dersom ein aukar kvota utover dei 3000 tonna i dei grunne områda, ser me derimot at fiskeriet får konsekvensar, både for raudåta sjølv og for silda, seier Hansen. 

– Held me oss innanfor dei 3000 tonna som er lov i dag, vil unngår me desse konsekvensane. 

Modell er modell – og eit viktig verktøy 

Forskarane har brukt ein modell for å simulera korleis økosystemet vil reagere på eit auka fiskeri. Men korleis veit ein at modellen har «rett»?

–  Samanlikningar med observerte data, som til dømes raudåtas vekst og reproduksjon, gjer at me stolar på at modellen i stor grad gjer fornuftige resultat. Samstundes tek alle modellar feil inni mellom, nokon gongar går naturen vegar som ingen hadde sett for seg, smilar Cecilie Hansen. 

–  Modellar er eit viktig verktøy for å forstå samanhengar i økosystemet. Observasjonar ute på det «ekte» havet er sjølvsagt også viktig, men dei er igjen berre små drypp av røynda. Modellane kan vi bruka til å forstå samanhengar, kvantifisera ting vi ikkje kan måle og etterprøva hypotesar, seier Hansen.

Referanse 

Hansen, C., Skogen, M.D., Utne, K.R., Broms, C., Strand, E., Hjøllo, S.S. 2021.  Patterns, efficiency and ecosystem effects when fishing Calanus finmarchicus in the Norwegian Sea – using an individual-based model. Inter-Research Science Publisher 2021. 

LENKE: https://doi.org/10.3354/meps13942