Gå til hovedinnhold

mann på skip med tommel opp, trål hengende ut i havet bak

Toktet frå helvete: Då alt gjekk gale i ishavet

Frå nitrist korona-karantene og panisk trusejakt i Chile, til fykande møblar og tapt trål i Sørishavet. Dette er forteljinga om toktet som ikkje var som eit eventyr – men likevel fekk ein lukkeleg slutt.  

Ein regnvåt januardag i 2022 

Etter evig mange PCR-testar. Eit generelt koronastress. Og eit litt stusseleg eremittliv på hytta, etter at resten av familien blei koronasmitta; Endeleg er han klar til å reise sørover.

Trass i global pandemi og påfølgjande, søramerikansk, byråkratisk papirpyramide. Bjørn stiller på Bergen lufthamn Flesland med godt mot. 

Lite veit han om kva som ventar. Antakeleg er det til det beste.

Tre personer med ansiktsmaske ser i kamera på flyplass
Strålende opplagt og klar for tur. Fra venstre: Bjørn, Sebastian Menze og Ronald Pedersen, alle HI-folk. Foto: Bjørn Krafft/HI 

I felt for å sjekke korleis det står til med fisk og dyr 

Det er ikkje første gong havforskar Bjørn Krafft set snuten sørover. I mange år har han reist på tokt og feltarbeid i Antarktis, for å kartleggja krillbestanden, telja kvalar, hente inn forskingsdata og følgje tilstanden i verdas sørlegaste, og kanskje villaste, havområde, Sørishavet.  

Noreg er ein stor aktør innanfor krillfisket i Sørishavet. Difor bidreg vi også med overvaking, forsking og bestandsestimering av nøkkelartar.

Krillen er nettopp ein såkalla nøkkelart, på grunn av si avgjerande rolle for andre fisk og dyr i området. Den er hovudrett på menyen for kvalar, selar og sjøfuglar. At det er rikeleg med krill i havet er viktig for at bestandane av større fisk, sjøpattedyr og fuglar held seg solide.

en enkelt lysrosa krill
Bitteliten, men viktig: Krillen er hovedrett for små og store i Sørishavet. Foto: Oda Linnea Brekke Iden/HI 

Målet for havforskarane er å sikre berekraftig forvalting av ressursane i dette rike, røffe økosystemet. 

Denne gongen skal Bjørn og kollegaene få dra ut med eit frakteskip eigd av norske Aker Biomarine, som er det største kommersielle selskapet innanfor krillfisket. 

Koronakrøll, småkjip potetmos og akutt trusemangel 

I ein pandemiprega verden viser det seg å ikkje vera berre-berre å fly frå eit kontinent til eit anna. 

– Bemanninga var kutta på flyplassane, det var pålagte testar, bakkepersonell streika, ja, eit evig kaos. Men vi kom oss då til slutt fram til Santiago i Chile, fortel Bjørn.  

Der vart HI-folka innlosjert i isolat på eit koronahotell. Dei blei traktert med lunken potetmos, servert på døra, til dei fleste måltid. Ikkje rasande festleg, men den største nedturen var at bagasjen hadde ikkje blitt med reisefylgjet heilt fram.  

– Vi hadde berre det vi stod og gjekk i, og kunne jo ikkje gå ut av isolatet for å handla. Tanken på å gå kommando ein heil månad i Antarktis freista ikkje så veldig. 

mann foran fly
Nesten truselaus, men i farta. 

 –  Og då vi slapp ut av koronaisolasjon, måtte vi hive oss på eit nytt fly, sørover til Port Williams. Det er på alle shoppingrelevante måtar berre ein liten landsby. – Men truser hadde dei heldigvis, avklarar Bjørn.

småby med fjell bak
Utpost: Shoppingtilbodet i Port Williams var heller dårleg, men dei hadde heldigvis truser. Foto: Bjørn Krafft/HI 

– Heldigvis kan Ronald bygge romskip av ein brødristar  

Det største bagasjeproblemet var likevel at mykje av forskingsustyret satt fast i Uruguay. 

– Vi hadde i utgangspunktet den litt vanskelege oppgåva med å gjera om eit cargoskip til eit forskingsfartøy. Vanlegvis brukar vi fiskebåtar til denne type toktoppgåver. Då kan vi tråla og bruka ekkolodd, slikt er jo ikkje cargoskip i utgangspunktet laga for. Det er krevjande å få på plass ein trål bak eit 170 meter langt lasteskip. Så blir deler av utstyret attpåtil ståande fast i eit anna land enn skipet, sukkar Bjørn. 

Lang frakteskip
Eit heller utypisk forskingsfartøy: 170 meter langt cargoskip. Men alt kan triksast til, meiner havforskarane. 

Heldigvis var dei ikkje heilt utstyrsblakke, for forskarane hadde montert på ekkoloddsvingarar og fått om bord litt utstyr før cargoskipet drog frå Noreg nokre månadar før. 

Det var likevel langt frå ideelt at så mykje av utstyret var og blei i Uruguay, og skipet skulle gå frå land i Chile.

Ein kunne jo blitt fortvila, men forskarane er løysingsorienterte skapningar. 

mann fikser utstyr, mange ledninger
"Man tager hva man haver": Manglar ein utstyr, bretter ein opp ermene. Ronald kan både fiksa og triksa. Foto: Bjørn Krafft/HI 

– Det var berre å bli kreativ og bretta opp ermene. Det var ei lukka at vi hadde med oss senioringeniør Ronald Pedersen. Den mannen kan byggja eit romskip av ein gamal brødristar, konkluderer Bjørn. 

to teknikere undersøker små krill på stort bord
I gang: Etter litt improvisering var forskingsaktivitetane i gang. Foto: Bjørn Krafft/HI 

Ronald gjekk i fullt Petter Smart-modus, triksa og fiksa. Snart var gjengen på veg ut storhavet, med både trål bak med påmonterte sensorar, ekkolodd under som tikka og gjekk og laboratorium på dekk. 

Framtida såg lys ut. 

tre kvinner i lettbåt på sjøen med stort cargoskip bak
Himmelen var blå og framtida såg lys ut for toktdeltakarane; Merete Kvalsund, Bahar Mozfar og Astrid Rasmussen. Foto: Merete Kvalsund/HI 

Dårleg teikn: Når mannskapet ropar «Titanic, Titanic!» 

Toktet starta med rein velstand.  

– Trålen vi hadde rigga til, funka som berre det. Sola skein og trusa var rein. Det var ein super start, mimrar Bjørn.  

mann på skip med tommel opp, trål hengende ut i havet bak
Alt på stell: Trålen funka og Bjørn var blid. Foto: Merete Kvalsund/HI 

– Men pang! Så snudde det. Vinden kom i sterke kast, det ulte og skipet krenga. I lugarane fauk møblane hit og dit. Vi målte kast opp i 45 meter i sekundet.  

Med vinden, kom også isen, og det i ein heidundrande fart. 

– Det var heilt sinnsjukt med is, i store bitar, reine isfjell. Vi halte og sleit med å få trålen opp i skipet igjen. Så høyrde vi mannskapet ropa «Titanic, Titanic!». Då såg eg eit heilt isfjell komma i mot oss. Vi måtte berre kappe av trålen der og då. 

isfjell i havet
Det er sjeldan godt nytt når mannskapet ropar "Titanic". Då vinden blas opp, fekk isfjella fart på seg. Foto: Bjørn Krafft/HI 

Den forsvann i dei brusande vassmassane. 

–. Den som vi hadde slite og styra med å få til, ordna og fiksa, og så enda det slik, sukkar Bjørn. 

I ti døgn var skipet fanga inne i orkanen, før det roa seg ned. Men det gjekk bra med alle om bord. 

– Vi var ein gjeng med lang erfaring, så ingen vart sjuke. Vi har prøvd oss på den slags før.  

Men når enden er god... 

Så der stod dei, HI sine utsendte, på dekk i eit frakteskip, i orkanen, så langt sør og vilt ein kan komma på denne kloden – og det utan trål.

Men å gje opp, det er ikkje ein aktivitet desse folka driv med.  –  Dårleg ver, naudløysingar og lettare improvisering er ein del av "gamet", smilar Bjørn.  

Pingviner foran mob-båt og mannskap i Sørishavet
Lokalbefolkninga på tur. Foto: Merete Kvalsund/HI 

 – Men det er klart, utan trål, så blir det vanskeleg å få om bord forskingsfangst. Så vi fekk ikkje vegd, målt og aldersbestemt krill.

– Men! Då fekk vi jo tid til andre ting! Vi har full og grundig ekkolodd-dekning av heile ruta vår. Vi fekk utført akustiske eksperiment eg alltid har drøymt om å få tid til ei gong. Så vi kjem heim med mykje forskingsdata i sekken, som vi no skal analysere vidare. Vi fekk også god tid til å telje sjøpattedyr. 

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko.   
 

 

Sidepanel

Kontakt

krill

Antarktisk krill

Antarktisk krillEuphausia superba
Maks størrelse: 60 mm og 2 gram
Levetid: 6–7 år
Leveområde: Finnes i de kalde vannmassene sør for Polarfronten i Sørishavet, som omgir det antarktiske kontinent
Føde: Plante- og dyreplankton
Gyteområde- og tidspunkt: I de øvre vannmasser i november–mars
Om bestanden:
Store deler av økosystemet i Sørishavet omtales som krillsentrert. Antarktisk krill er en viktig matkilde både for fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. I isfrie områder observeres krill vanligvis i store stimer ned til et par hundre meters dyp. Fastis er et viktig habitat, spesielt for yngre krillstadier som finner føde og beskyttelse mot predatorer under isen.