Gå til hovedinnhold

Slik lurte forskarane silda til å gyta på «feil» tid av året


Sild i stim i akvarium

Sild i akvarium, illustrasjonsfoto.

Fotograf: HI

Havforskarar lurte norsk vårgytande sild til å tru at det var haust når det eigentleg var vår. Då endra silda gyteperiode.

Kvart år i februar–mars kjem store mengder norsk vårgytande sild til kysten for å gyta. Mesteparten av silda i Nordsjøen, derimot, gyter om hausten.

Haust- og vårgytande sild er same art, men ulike populasjonar. Forskarane har funne nokre få markørar i genane som skil populasjonane.

Men kva er det eigentleg som gjer at den vårgytande silda gyter nettopp om våren? Og kva skal til for at gytetidspunktet endrar seg? Det er havforskarar no i ferd med å finna ut.

– Vi ønskte å testa om gytetida er påverka av daglengda, som aukar om våren og minkar om hausten, fortel forskar Florian Berg, som leia studien.

Langvarig eksperiment

For å finna ut dette har Berg og kollegaene gjort eit eksperiment over tre og eit halvt år. Dei avla opp larvar av vårgytande sild i to like tankar:

  • I den eine tanken styrte dei lyset slik at det følgde den naturlege dagslysvariasjonen i havområdet utanfor Bergen der silda blei fanga.
  • I den andre tanken blei lysregimet forskove med seks månader – slik at «dagane» blei lenger i tanken parallelt med at dei blei kortare i naturen, og motsett.
  • Temperatur, mattilgang og andre miljøforhold var elles identisk i dei to tankane, slik at forskarane kunne studera effekten av berre variasjonen i lyset.

Venta på våren

– Ved å manipulera fotoperioden let vi sild som var klekt om våren, veksa opp med haustlys. Derfor var vi interesserte i å sjå om dei blei gytemodne etter tre år, som normalt – eller etter tre og eit halvt år, når dei opplevde sin tredje «vår», forklarer Florian Berg.

Resultatet? Silda som fekk manipulert fotoperioden venta til dei opplevde at dagane blei lengre før dei blei gyteklare. Gyteperioden blei altså forskove med seks månader.

Med andre ord ser det ut til at det er fotoperioden – daglengda – som styrer den biologiske klokka til silda.

Ikkje påverka av vårlukt

Resultata gjorde at forskarane kunne tilbakevise ein alternativ hypotese: at «vårlukta» i sjøen gir silda signal om at det er tid for å gyta.

Tankane fekk nemleg tilført vatn frå fjorden utanfor, der salthald og innhald av næringsstoff i vatnet endrar seg med årstidene. Vårteikna i vatnet kom altså medan dagane blei kortare for silda.

– Viss vi såg at silda gytte mens det var vår i naturen, sjølv om det var haust i tanken, kunne vi ha forklart det med slike kjemiske signal. Men det var altså ikkje det vi såg, forklarer Berg.

Viser at gytetida er klimarobust

Forskinga kan kasta lys over korleis silda vil klara seg under endra miljøforhold i framtida.

– Dette viser at norsk vårgytande sild alltid vil gyta om våren, sjølv om klimaendringar gir auka temperaturar. Sildegytinga er avhengig av lyset – som alltid vil følgja årstidsvariasjonen, sjølv med klimaendringar, seier Florian Berg.

Det er første gong eit så omfattande forsøk med manipulering av daglengde er gjort med sild. Forskarane er allereie godt i gang med eit nytt forsøk, der dei også har ulik temperatur i dei to sildetankane. Dette vil kunne bekrefte om også temperaturen påverkar gytinga til silda, i tillegg til daglengda.

Frå før har forskarane funne ut at silda veks mindre i varmare hav.

Referanse

dos Santos Schmidt, Thassya C., Florian Berg, Arild Folkvord, Alessandra M.A. Pires, Valeriya Komyakova, Maik Tiedemann, Olav Sigurd Kjesbu. «Is it possible to photoperiod manipulate spawning time in planktivorous fish? A long-term experiment on Atlantic herring». Journal of Experimental Marine Biology and Ecology 552, 151737 (2022). Lenke: doi.org/10.1016/j.jembe.2022.151737