Gå til hovedinnhold

Trygt å ete norske skjel


blåskjell på tallerken
Fotograf: Eivind Senneset / Havforskningsinstituttet

Havforskarane har analysert over 600 prøvar av norske skjel og andre blautdyr for miljøgifter og bakteriar. Overvakinga viser at statusen for mattryggleik er stabilt god.

Havforskingsinstituttet (HI) overvakar kvart år norske skjel og skjellokalitetar på oppdrag for Mattilsynet. Skjela blir sjekka for tarmbakteriane E. coli og Salmonella, samt for ulike tungmetall og miljøgifter.

Formålet er å dokumentere nivået av miljøforureining, og sikre at blautdyr som blir selt på den norske marknaden er trygge å ete. No har Havforskingsinstituttet publisert rapporten frå overvakinga for 2021 (lenke).

God mattryggleik

– Overvakinga over tid viser at norske skjel som kjem på marknaden er trygge for forbrukarane, seier Arne Duinker, forskar ved Havforskingsinstituttet.

Dei fleste prøvane var av blåskjel. I tillegg var det prøvar av kamskjel, flatøsters, stillehavsøsters, hjarteskjel, teppeskjel, kongsnigel, oskjel, knivskjel og drøbakkråkebolle. 

Prøvane var dels samla inn av Mattilsynet sine inspektørar, dels av næringa sjølv.

Bakteriar

I den mikrobiologiske delen av undersøkinga blei det funne nivå av E. coli-bakteriar på nivå med tidlegare år. Ingen av prøvene av sluttprodukt låg over grenseverdien for omsetning.

Det blei ikkje funne salmonellabakteriar i nokre av prøvane som blei analyserte for dette.

Klassifisering av lokalitetar

Mengda av E. coli gir grunnlag for klassifisering av skjel-lokalitetar i såkalla A-, B- og C-område. Skjel frå eit A-område kan gå direkte til konsum, mens skjel frå B- og C-område må gjennom reinsing før dei kan seljast. 

Meir enn 46 000 E. coli per 100 g skjelmat og kappevatn fører til hausteforbod. Det høgaste nivået som blei funne i 2021 var 9 200 bakteriar per hundre gram i ein prøve av blåskjel.

Metall og miljøgifter

I den kjemiske delen av undersøkinga blei det stort sett funne låge nivå av uønskte metall i prøvane og svært låge verdiar av organiske miljøgifter. Dette er i tråd med funna tidlegare år.

I 2021 blei det berre funne éin prøve av flatøsters som oversteig grenseverdien for kadmium.

– Østers har naturleg mykje kadmium på grunn av fysiologien deira: dei vel å binde opp kadmium i staden for å skilje det ut. Østers med litt høgt nivå av kadmium er ikkje lov å omsetje, men ein kan trygt ete eit måltid i veka, seier Arne Duinker.

Referanse:

Duinker, Arne, Julia Storesund, Bjørn Tore Lunestad og Monica Sanden. «Nasjonalt tilsynsprogram for produksjon av skjell og andre bløtdyr – prøver analysert i 2021 for kjemiske forurensende stoffer og mikroorganismer». Rapport fra Havforskningen nr. 31 (2022).